No når våren nærma seg lagar vi til fagkveld om Helse og Velferd i lamminga.

Den fagelege delen syter Anne Berit Selle for , ho er dyrlege i Gloppen og har god erfaring med sau.

Det blir også vist ein film om temaet, den varer i 45 min. Etter filmen blir det muleg og stille spørsmål om filmen, temaet eller småfe generelt. 

Her er det også muleg å dele erfaringar og tips. Småfehaldarane rundt oss her set med mykje kunnskap, så her trur vi dei fleste kan plukke med seg noko nytt heim att til seg sjølv. 

Fjordhestgarden serverer pizza og vi avsluttar fagdelen kl 22:00.

Etterpå er det muleg for dei som ynskjer og vere att på quiz (med premiering) og sosial samvær!

 

Håpar vi ser DEG på Fjordhestgarden denne kvelden !