Vi pakka sekkane med diverse klatreutstyr og la i veg i vakker natur.  Første økt var i «slakt» terreng, der klatreselar vart tilpassa og tekne på. Her lærde vi om infesting av tau/slynger i tre, steinar o.l og belastninga både festepunkt og tau vert utsette for. Åttetalsknute og klemknute vart repetert til alle lærde dei… Vi prøvde oss på å sikre oss sjølve og å bli sikra av andre.

Etter terping på dette dukka leiaren i Sau og Geit opp med nysteikte bollar og kaffi, dette var i seg sjøl verdt turen til Våtedalen! Etter bollekosen pakka vi sekkane igjen, for å oppsøkje brattare terreng høgare oppe. Her vart vi delte inn i tre lag og fekk i utfordring å rigge til toppfester. Når vi hadde fått «godkjendt» festa, fekk alle prøve seg både på nedfiring/rapellering og å sikre andre. Ekstra fokus hadde vi på kameratsjekk, dvs. sjekke at utstyr er rett innfesta,  skrukarabinar er teita o.l.  Til slutt fekk vi prøve å rigge til og bruke eit enkelt taljesysem for oppheising av både folk og fe.

11 lærevillige frå Jølster og Gloppen deltok. Vi lærde mykje på ei kveldsøkt!

Ei stor takk til den folkelege og svært dyktige instruktøren, Per Magne Bakke