Der fekk ein informasjon om Norske Kadaverhundar og om korleis dei jobba under opplæringa av hund og førar. 
Lørdag 6. og søndag 7. oktober var det praktisk opplæring i  Årdalsdalen i Jølster, der hundeførar mellom anna skulle lære seg å bruke GPS.  Den praktiske opplæringa gjekk over ca. 4 timar, der kvar instruktør tok seg av ein kursdeltakar kvar.  Totalt var det 8 kursdeltakarar.  Dei fire første fekk praktisk opplæring lørdag, dei fire siste på søndag.
Kursdeltakarane var frå Sogndal, Årdal i Jølster, Bygstad, Naustdal, Breim, Fjærland  og Vassenden.

Utdrag frå rapport frå instruktør Kjell Smestad:
” Området kurset var lagt til, så greit ut til å begynne med.  Det var bratt og noe myr. Det vi ikke så, var steinurene som mose og løv skjulte.  Det ble to krevende treningsløyper.  Men som kursdeltakerne sa: ”Slik er det her”.  Været varierte mellom mye og lite regn.  ”Kadaveret” var ei nyslaktet søye med leddbetennelse.  Denne ble delt, så det ble 8 søksobjekt på hvert felt.  Her var ”ingen” stank.  Det luktet friskt av sau og kjøtt.

Det var åtte ekvipasjer:
1 japansk spisshund
1 alaska huskye
1 golden retriver
1 labrador retriver
4 border collie

På teoridelen møtte kursdeltakerne og to representanter for Sau og Geit.  Om temaet dreide seg om død og kadaver, var det et livlig møte med spente kursdeltakere.  Instruktører var Jonny og Kjell.”

I følgje evalueringsskjema var det 8 ekvipasjer med godt potensiale.  Noen treng litt meir trening, medan andre er klar for å gå opp til godkjenningsprøve.

Tilbakemelding frå deltakarane var at dette var kjekt, spennande og interessant. Fleire av dei ønskjer å gå opp til godkjenningsprøve.