ref: Jakob A. Sandal

Oppmøte for turen var på Høyset i Stardalen. Her vart dei tjue deltakarne fordelt i bilar som køyrde vegen opp i Haugadalen. På Haugastøylen fortalde turleiar Jakob André Sandal om støylsdrifta og korleis området har vore brukt til beiting opp gjennom åra. I dag er beitinga redusert, og det er to saueflokkar som beiter i området. Landskapet i Haugadalen er  sterkt påverka av breaktivitet, og det vart og informert om korleis påverknaden av breen har vore.  

Turen gjekk vidare inn Haugadalen mot Oldeskaret. Ved Storevatnet  hadde vi ein lengre matpause før vi gjekk inn på Oldeskaret (1150 moh.), som er høgste punktet på turen. På Oldeskaret vart det tidlegare arrangert stemne mellom folket i Oldedalen og Stardalen. Stemnet var årvisst i mange år frå 1905.

Før vi starta på den brattaste delen av nedstiginga til Oldedalen hadde vi ein pause der elva frå vatna på Oldeskaret svingar mot Oldedalen. Her er eit flott utsyn mot Briksdalsbreen. Råka vidare går bratt  ned lia, og vi passerte gjennom den karakteristiske kløfta bak nokre utsprengde fjellblokker. På dei brattaste partia kom det godt med at det er lagt ut kjettingar til hjelp.

Etter vel fem timars gange kom eit fornøgd turfølgje fram til Melkevoll bretun i Oldedalen.