Det kom deltakarar frå Gloppen, Førde og Jølster. Johannes Nedrebø og Inge Erikstad demonstrerte saueklypping og ullsortering, medan dei gav gode råd og tips til korleis dette og anna arbeid i høve fanging og flytting av dyr kunne utførast.  Det vart og demonstrert hjelpemidlar, som ein rimeleg og enkelt kunne lage sjølv.

I pausen var det sjølvbetjening, der deltakarane kunne forsyne seg med pølse og brød, bollar, kake og kaffi.  Deltakarane fekk og høve til å sjå storfe- og grisefjøsen til Johannes. 

Praten gjekk lett, og det vart utveksla erfaringar med gode og dårlege løysingar, mellom anna vart fordelar og ulemper ved bruk av strekkmetall, plastrister og komposit utveksla.

Tilbakemeldinga frå deltakarane var at dette var eit positivt tiltak som dei sette pris på, og som dei eine sa ”dette var rett og slett inspirerande”.

Det vart og informert litt om planar som Jølster Sau og Geit har, når det gjeld aktivitetar første halvår 2013.