Styret har vore samansett slik:

Leiar: Marit Henjum Halsnes

Styremedlem: Per Henjum

Roald Lunde (kasserar)

Vara: Heidi Eiken

Revisor: Magnar Fredheim og John Gjerløw

Utstillingsnemnd: Styret + Roger Gåserud og Erling Gjerde

Kontaktperson for gjetarhundnemnd: Bjørn Hagen

Valnemnd: Erling Holen og Jan Reidar Njøs

Leikanger Sau og Geit har 20 medlemar. 19 hovudmedlemar og 1 støttemedlem. Styret har hatt 2 møter og handsama 11 saker. Elles vert telefon og e-post nytta ved behov.

15. mars arrangerte vi fagmøte i kommunestyresalen på Leikanger med Lisbeth Hektoen, spesialveterinær, Animalia - Helsetjenesten for sau. Ho tok føre seg temaet " Førebygging av flått og flåttborne sjukdomar hjå sau". Godt frammøte med over 30 personar m.a. frå nabokommunar og veterinærar i distriketet. To elevar frå ungdomsskulen selde kaker og kaffi i pausen.

I april vart det arrangert ei medlemssamling i høve innsamling av FMLA sine 50 radiobjøller, då dei skulle sendast til Skjolden. Me tok opp tinging av dei som ville kjøpa nye bjøller og laget kjøpte inn 36 nye bjøller. Samstundes søkte me FMLA om SMIL midlar for å få dekka 50 % av kostnadene. Medlemane betalte kr 2125,- pr bjølle og fekk seinare tilbakebetalt kr 1139,-pr bjølle.

Innsamling av ull vår og haust vert berre varsla med sms på mobil, utan annonse i lokalavisa. Medlemane har dei 3 siste åra henta papirsekker til ulla hjå Jakob Holen. Ein palle med 1500 sekker. 16 medlemar har nytta seg av ordninga, der det er notert tal sekker som er henta. Det er likevel ein mako på 180 sekker. Medlemane blir fakturert for tal sekker dei har henta i 2013. Styret ynskjer ikkje å halda fram ordninga, men oppmoda medlemane til å nytte store sekker til ulla (50kg) då det lettar arbeidet med å pakke sekkene på lastebilen.

30. oktober vart det arrangert Leiarsamling for lokallaga i Indre Sogn på Leikanger. Per og Roald deltok frå styret.

Det vart i 2012 skote 14 rev i Leikanger, mot 12 året før. Det er utbetalt skotpremie på kr 700,-/dyr (kr 9.800,-).

I høve søknad om tilskot til felling av rev, kr 400.- /dyr frå kommunen, fekk me i 2012 fylgjande vedtak: LSG får løyvd kr 5.000,- pr år på rev for perioden 2012-2015.

Frå 2011 har vi fått : Leikanger kommune gjev næringsutøvarar innan sauehaldet i Leikanger kommune betinga løyve til uttak av rødrev 2011 og 2012.

Lammetapa på utmarksbeite har heldigvis vorte redusert i 2012. Frå 9,45% i 2011 til 5,7% i 2012. Det er svært bra, men likevel ligg Leikanger over gjennomsnittleg tap i fylket som er 5,4%.

Styret

Arbeidplan 2013

Organisere ullinnsamling

Organisere kåringssjå, Leikanger