Infotavler
Årsmøtet 2010 vedtok at me skulle setja opp infotavler på "strategiske" plassar der det er mykje utfart. Tavlene er no ferdige og utplasserte.
Bileta her er frå dugnaden i Bakkagarden i vår, og utplasseringa ved bommen i Henjadalen og i Heggdalene. Andre plasseringar er ved trafostasjonen på Njøs, Njøsadalen ved sauekveea, Kleppa, Eggja, Huksdalen og Engjasete. Tavlene skal innehalda relevant informasjon til turgåarar og andre. Bl.a. oversikt over dei ulike øyremerka med fargar, samt telefonnummer til saueeigaren.