INNKALLING TIL ÅRSMØTE, FOR ÅRET 2012,

I SOGNDAL SAU OG GEIT,

OG SOGNDAL BEITE OG SANKELAG

 

 

Årsmøtet på Lægreid Hotell, måndag 28. januar kl 19:30

 

Før årsmøtet startar,  vil Jenny Wright Johnsen frå Felleskjøpet fortelje om foring av sau fram mot lamming.

 

Sakliste:

  1. Godkjenning av innkallinga og saklista
  2. Val av møteleiar
  3. Val av skrivar
  4. Val av to til å skriva under møteboka til Sogndal Beite og Sankelag
  5. Årsmelding for Sogndal Sau og Geit
  6. Arbeidsplan for 2013 for Sogndal Sau og Geit
  7. Rekneskap for Sogndal Sau og Geit
  8. Årsmelding for Sogndal Beite og Sankelag
  9. Rekneskap for Sogndal Beite og Sankelag

10. Fastsetjing av godtgjersle til leiar og kasserar i Sogndal Sau og    Geit

11. Fastsetjing av godtgjersle til leiar i Sogndal Beite og Sankelag

12. Fastsetjing av godtgjersle til sankebas og jagebasar

13. Val i Sogndal Sau og Geit

14. Val i Sogndal Beite og Sankelag

15. Ymse

 

Det er flott om det kjem flest mulig medlemmar på årsmøtet! Gjerne fleire frå kvart bruk,  (ei stemme per. medlem ved val)

Me set av tid til ein pause, menyen blir som før Pizza! J

 

 

Denne innkallinga går til alle som er medlemmar i Sogndal Sau og Geit, og Sogndal Beite og Sankelag i 2012. I Sogndal Beite og Sankelag vert du medlem når du sender inn oppgåve over dyr som har gått på utmarksbeite (sau, geit og storfe).