SNO felte igår onsdag ein hannjerv ved Holmavatnet, Jostedal austside. Denne vart spora i Nørstedalen, men gjekk inn i ei ur der. I natt har den kome ut att, og SNO følde spora over til Mørkridsdalen, Hornane i Luster og innover fjellet til Holmavatnet, der den var felt på føremiddagen.

Jerven som dei spora på Jostedal vestside i går, spora dei i dag til Briksdalsbreen i Stryn og der mista dei sporet og det var ikkje muleg å finna den i dag heller.

Dei følgde også eit spor heilt nord i Jostedalen som ikkje var samanhengande med det første sporet, men det kan mulegens vera same dyret. Andre spor fann dei ikkje. Fellingsforsøket er no avslutta.