jurbetennelse smittar frå nasen
Mykje tydar på at bakterien som årsakar jurbetennelse smittar frå nasen.
Staphylococcus aureus er ein vanleg bakterie hjå folk og dyr. Hyppige funn av bakterien i naseslimhinna hjå sau og geit tyder på at smitte til juret skjer herfrå.
Jurbetennelse (mastitt) er den sjukdommen som gir størst tap i melkeproduksjonen, og den er årsak til cirka 40 prosent av alle registrerte behandlingar.