Under tilsyn i går, torsdag (førre veke, red.anm.), vart det sedd tre sauer utan lam, ei skulle hatt tre lam og to skulle hatt eitt. I tillegg mangla eit tvillinglam. Ei anna søye i dette området har no vorte sedd to gonger utan lam, skal ha eitt, og den er veldig skremd. Ein av saueeigarane i dette området har veldig tillitsfulle sauer, men under tilsyn sist veke var fleire av dyra veldig skremde. Dette er det kroniske skadeområdet i Mørkridsdalen. Det er til no ikkje funne kadaver. Dette området vil bli prioritert med ekstratilsyn i tida framover.

I tillegg til dette er me no vorte kjend med at det vart sedd jerv nær husa på Mørkrid for 3-4 veker sidan. Den observasjonen er ikkje dokumentert, men truverdig.

Det kan godt vera at dette er ein hannjerv med eit stort territorium så det kan vera grunn til å følgja godt med i indre område både i Jølster og Stryn og Skjåk.

Med helsing

Arne R Øvreås