Lamminga er snart over oss igjen, og det kan vera lurt å vera godt budd på denne hektiske tida. Dersom ein har alt på plass før det startar, er det enklare å komma inn i dei gode rutinene ein hadde på slutten i fjor. Ved å gje alle lam ein optimal start på livet, minkar risikoen for at dei skal døy både innandørs og ute på beite.

Ting som kan vera greit å ha i orden:

delegardar, feste til delegardane, opplegg for vatn, merketang, øyremerker, jod, plasthanskar, såpe, tørkepapir, framfallssele, glukose, sprøyte til sondemating, råmjølk frå anten sau eller kyr, flasker, teip, snøre, saks, kniv, vekt, fettstift og bjølle med plastmerke til sauen.

Vil også oppmoda om å sjå videoen Helse og velferd i lamminga.