Dette er langlesning, absolutt - men også spennende lesning.

Styreleder Ronald Slemmen og styremedlem Åshild Øritsland Våge har med hele organisasjonen i ryggen levert dette innspillet, som vil få betydning for alle i småfenæringa.

NSG har utarbeidet noen særlig viktige punkter, som du ser senere i denne saken. Men først klipper vi litt fra en sak i Bondevennen, der styreleder Ronald Slemmen fastslår at vi nå må finne løsninger som vi alle i småfeholdet kan leve med:

«NSG er uroa for at kostbare dyrevelferdstiltak, ikkje minst arealkrav, vil få bønder til å legge ned produksjonen.

- Dyrevelferdsmeldinga er viktig for oss fordi den legg grunnlaget for alt vidare arbeid med dyrevelferd, sier Ronald Slemmen, styreledar i NSG, til Bondevennen.

- Den legg grunnlaget for økonomiske verkemiddel, tilskotsordningar, regelverk, og Mattilsynet sitt arbeid. Det er viktig at me som står i dette dagleg får fortelje om korleis det er, og at ikkje dei som står utanfor og ser inn får ha regien, seier han.»

Videre:

«- Økonomien i sauenæringa er vanskeleg. Me vil være med på et løft av dyrevelferda i Norge, men samstundes fryktar me at kostbare tiltak kan bety at bønder må redusera besetninga, eller avslutte heilt. Sett på spissen kan dette bety slutten for saueholdet nokon stader, sier Slemmen.»

Og han sammenlikner småfenæringa med storfenæringa på en måte som kan gi grunn til ekstra årvåkenhet:

«- Me er uroa for å hamne i ein situasjon liknande den i storfenæring, der kravet om lausdrift kan gje ei omfattande reduksjon i talet på bruk, held han fram.»

 

Her følger noen sentrale deler NSGs innspill til tiltak for dyrevelferd, punkt for punkt, fra dokumentet som er overlevert Landbruks- og matdepartementet:

 

Målkonfliktene i saue- og geitenæringa
Målkonflikt 1: Velferdstiltak på kostnad av norsk matproduksjon

Dersom beitedyra skal vera del av løysninga på berekraftig matproduksjon på norske ressursar, er det ei føresetnad at tiltaka for å sikre dyrevelferd ikkje svekker produksjonen.Tiltaka må vera forma slik at dei sikrar ei reell betring av velferda

 
Målkonflikt 2: Å prioritere ned beitedyra og svekke beiteretten gjev dårlig velferd

Skal me sikre velferd for beitedyra samstundes som me sikrar matproduksjon i Noreg, er me fullstendig avhengig av at det offentlege legg til rette for beitenæringa, og at me har ei langsiktig og føreseieleg forvaltning av landbruket og ressursane våre.

 
Målkonflikt 3: Effektivisering gjev tap av bruk og truer dyrevelferda

For å sikre god dyrevelferd er det avgjerande at me stopper reduksjonen i talet på driftseiningar i saueholdet.

 
Målkonflikt 4: God bondevelferd er nøkkelen til god dyrevelferd

Skal me sikre dyra si velferd er det avgjerande å anerkjenna bonden som nøkkelen for god velferd, og lage eit rammeverk rundt han/ho som gjer at ein kan lykkast.

 

Målkonflikt 5: Dyrevelferdsmessig akseptabel produksjon må kunne gje god økonomi

Skal ein sikre god dyrevelferd er det avgjerande at ein kan lykkast økonomisk med det ein vurderer som ein dyrevelferdsmessig akseptabel produksjon. Produksjon utover det ein ser på som dyrevelferdsmessig akseptabelt må ikkje løne seg økonomisk. Næringa må sjølv ta ansvar for at dei driv ei etisk avl.

 
Målkonflikt 6: Produksjonsøkonomi, produksjonstilpassingar og dyrevelferd

I produksjon av geitemjølk er det overskot av kje og for mange ikkje mogleg å fora opp kjea. Eit ledd i driftsforma er å avlive overskots-kje rett etter fødsel. Avliving utført på anbefalt og rett måte er, slik vi ser det, ikkje ei utfordring for dyrevelferda, utover at geita ikkje får gå med avkommet.

 

NORSK SAU OG GEIT SINE PRIORITERINGAR FOR Å BETRE VELFERD HOS SAU
 
Velferd på beite

At me i Noreg har lite dyrkbart areal gjer at beitenæringa har ein viktig plass i norskmatproduksjon. Utmarksbeiting med sau og geit er del av den levande norske kulturhistoria, ei uavbrote historie som kan sporast samanhengande tilbake 4-5000 år. Sauebeiting saman med anna beiting, produserer kulturlandskap som er ønska i klimamelding og vedlikehald av det kulturhistoriske landskapet av høg estetisk verde. Den lange beiteperioden er ein stor styrke for velferda i sauehaldet. Samstundes som den lange beiteperioden vår gjev god velferd med tanke på fridom til å utøve normalåtferd, samt ernæring, gjev den og utfordringar med tap som me ikkje kjem vekk frå. Tapet på sumarbeite er svært varierande mellom buskapane i Sauekontrollen. Rangert etter tapsprosent varierer tapet på sumarbeite frå 0 % i den beste tredjedelen til 9,3 % i den dårlegaste tredjedelen av buskapane (tal for 2021). Det er viktig for dyra si velferd at me klarar å redusere dette tapet.

Ansvaret for tapet er delt mellom sauenæringa og det offentlege. Skal me klare å redusere tap på beite trengs politisk vilje til å prioritere matproduksjon på norske ressursar. Nasjonalt tilsynsprosjekt 2007 – 2010 i regi av Mattilsynet synte liten samanheng mellom stellfaktorar som eigar kan påverke og dårleg velferd/store tap på beite. Dette tyder på at store tap utover det normale kjem av eksterne tilhøve der vanlege tiltak med dyra ikkje verker.

 

* Rovviltpolitikk

Rovviltpolitikken vert styrt av miljøforvaltninga, og er heilt utanfor beitenæringa si påverking. Politikken fører til dårleg dyrevelferd ved at beitedyra, både sau og tamrein, enkelte stader utgjer opp mot 90 prosent av rovviltet sitt næringsopptak. Beitebruk er underlagt «Lov om dyrevelferd». Stortinget har gjennom ei rekke vedtak om rovviltet ønska å sikre beitedyra si velferd. Stortinget har gjennom vedtak og uttrykt sin meining om Norsk rovviltpolitikk.

Representantforslag 163 S (2010-2011), (Rovviltforliket av 2011), pkt. 2.2.19 seier:

«…I prioriterte beiteområder skal uttak av dyr som gjør skade på beitedyr gjøres raskt, og i slike områder skal miljøforvaltningen i større grad enn i dag bidra til å effektivisere slikt uttak, uavhengig av om bestandsmålet er nådd…

…Det skal ikke være rovdyr som representerer et skadepotensial i prioriterte beiteområder for husdyr og kalvingsområde for tamrein.»

Stortingets einstemmige rovviltforlik i 2011 står i skarp kontrast til Naturmangfaldsloven, Forskrift for forvalting av rovvilt § 9, kor ein lister ei rekke tilhøve som skal vera til stade før ein kan innvilge skadefelling. Vilkåra fører til ei kraftig innstramming av moglegheitene for å få fellingsløyve, til tross for at rovviltforliket seier skal ikkje være.

Norsk Sau og Geit krev at Stortinget sitt vedtak i rovviltforliket blir følgt opp av miljøforvaltninga, og at dei gjennomfører naudsynte endringar i Forskrift for forvalting av rovvilt.

 
Sikring av beiterett

Norsk Sau og Geit krev at kommunane må bli pålagt utredningsplikt når det føreligg beiterettar/servituttar i eit LNFR område som endrar status til regulert og som då gjer det ueigna som beiteområde.

 

Gjerdehald

Norsk Sau og Geit meiner landbruksforvaltinga og Mattilsynet må sterkare inn som fagmyndigheit med fokus på gjerdehold for å sikre god dyrevelferd. Dette er nødvendig for å sikre ro i beiteareala og unngå at beitedyr ender som konfliktobjekt. Norsk Sau og Geit ber om at landbruksmyndigheitene utarbeider en rettleiar for oppsett og bruk av lettgjerder og at seljarar blir pålagt ei informasjonsplikt ved sal av gjerdene.

 
Sikring av offentlege vegar og jernbane

Norsk Sau og Geit meiner ei lovendring der eigar av farleg verksemd har ansvaret for sikring, ville medført ei klar forbetring for velferda til beitedyra.

 
Hundar i beiteområde

Norsk Sau og Geit meiner Politiet sitt ansvar må gjerast meir tydeleg gjennom eigen forskrift til hundelova. Beitedyra sin rettssikkerheit må gjerast meir tydeleg slik at dei vert sikra mot angrepet av hundar.

 
Beitedugande dyr

Norsk Sau og Geit ønsker å formalisere kompetansen om beitedugande dyr i samband med kursa i Dyrevelferdsprogrammet (DVP) for sau. Dette arbeidet er allereie i gong. Norsk Sau og Geit vil arbeide for at alle som heldt sau, uavhengig av dyretal, skal måtte gjennomføre Dyrevelferdsprogrammet.

 
Tilsyn og Organisert Beitebruk

Då behovet varierer mykje mellom beiteområda, og sporingseiningane er kostbare, vil ikkje Norsk Sau og Geit anbefale at elektronisk sporing vert obligatorisk for dyr på utmark. I enkelte område er desse hjelpemidla likevel heilt naudsynte.

Det er naudsynt at krava til tilsyn med sau og geit på beite må oppretthaldast slik dei er. Norsk Sau og Geit ønsker å bygge vidare på ordninga Organisert Beitebruk. Her kan langsiktige mål vera å bygge kompetanse og økonomi til å kunne ha kontinuerleg tilsyn i beitelaga. Skal ein få til dette må ein legge til rette for å halde talet på beitebrukerar oppe, og unngå utestenging av nye beitebrukerar.

 
Velferd i innefôringsperioden

Norsk Sau og Geit frykter at eit arealkrav utover det ein bygg til i dag kan få store økonomiske konsekvensar for næringa. Me er bekymra for å hamne i ei situasjon liknande den i storfenæringa, der kravet om lausdrift kan gje ei omfattande reduksjon i talet på bruk. Med økonomien i saueholdet per i dag har næringa ikkje økonomisk bereevne til å imøtekomme eit krav som ligg langt over det me i dag har. Kostanden ved nye krav må difor finansierast gjennom offentlege midlar, og kan ikkje ha tilbakeverkande kraft.

Norsk Sau og Geit ønsker at ein set eit krav til eit minimum areal som sikrar at alle dyr kan ligge samtidig. Kravet til minimum liggeareal bør ligge på det som har vore norsk standard, og bør følgje husdyrtilskotet, som per no er likt for alle sauer uavhengig av storleik og produksjon. Dette er viktig for å gje ein heilskapleg politikk og sørge for at ikkje velferdstiltaka reduserer produksjonen og forskyv velferdsutfordringane til eit område nye forskrifter ikkje dekker.

 

For å kunne vurdere behovet for krava må me ha tilstrekkeleg kunnskap:
  • Me må vite at tiltaket gjev ei betring av velferd ein ikkje kan oppnå med andre, mindre kostbare tiltak
  • Me må vite kva som er det minste areal der ein kan oppnå dei ønska velferdseffektane.
  • Me må ha kunnskap om korleis andre faktorar i drifta påverkar heilskapen. Norsk Sau og Geit får mange innspel om at utforminga av arealet, mellom anna bingestorleik, speler ei minst like viktig rolle som areal per dyr.

Norsk Sau og Geit meiner det er avgjerande at det blir prioritert midlar til forsking slik me får eit tilstrekkeleg kunnskapsgrunnlag før ein fastset kostbare tiltak for næringa. Denne forskinga må vera på plass FØR ein kan fastsetje krav.

Skulle det verta eit arealkrav utover eit minimum liggeareal, meiner Norsk Sau og Geit at ein må utgreie om uteareal kan dekke dette arealet. Og her treng me meir kunnskap om dyra sitt faktiske behov, og korleis ein best kan løyse dette under dei ulike klimatiske tilhøva i Noreg. I dei områda ein har klimatiske tilhøve som tillét dyra å vera ute bør det ligge omfattande forsking til grunn før Mattilsynet kan forby dyra å vera ute. I dei områda ein ikkje kan nytte uteareal på ein god måte, må ein sjå på eigne og målretta tilskot til bygg.

Utover eit krav til minimum liggeareal må krav om ytterlegare areal vera basert på kunnskapsgrunnlaget me etterlyser. Videre må dette arealet kunna tilpassast kvart enkelt bruk og til dyra sitt behov i dei ulike tider av året. På den måten kan me behalde fleksibiliteten slik den er i dag.

Norsk Sau og Geit meiner difor at ein ikkje bør setje krav om tett eller delvis tett underlag til sau. Kravet om tett underlag til spedlam bør oppretthaldast.

 

Dyreeigar sine haldningar og kunnskap

Norsk Sau og Geit meiner det er ønskeleg å få på plass eit kompetansekrav for å få starte med sau uavhengig av dyretal, samt at alle buskaper som heldt sau i Noreg må bli inkludert i Dyrevelferdsprogrammet.

 

NORSK SAU OG GEIT SINE PRIORITERINGAR FOR Å BETRE VELFERD HOS GEIT
Etablering av Helseteneste for geit

Svært mykje av arbeidet med helse og velferd på sau er i regi av Helsetenesta for sau. Viktige oppgåver som Helsetenesta jobbar med er sjukdomsnedkjemping for næringa (eks. Prosjekt Friske Føtter), sjukdomsforebyggande tiltak på tvers av aktørar i næringa, kunnskapsformidling, kontakt med styresmaktene, prioritering av forskingsområde, utforming av Dyrevelferdsprogram og utarbeiding av kurs og kursinnhold. Tilsvarande helsetenester finst på storfe, svin og fjørfe. Etter at «Friskere Geiter» vart sluttført har det ikkje vore ein operativ helseteneste for geit. Dette gir problem i gjennomføring av framtidige dyrevelferdsfremmande tiltak for geit. Prosjektet «Friskere Geiter» gjorde ein omfattande og viktig innsats for å sikre god helse, og dermed betring av velferda hos geita. I etterkant av prosjektet er det heilt sentralt at arbeidet blir følgt opp med systematisk overvaking. Eit stadig aukande tal på ikkje-sanerte buskapar, både ammegeit og sau, utgjer ein trussel for dei sanerte buskapane.

Overvaking og kontroll av smittesituasjonen på geit er ei sentral oppgåve for ei evt. helseteneste. Ei eventuell helseteneste må finansierast av alle geitebønder, ikkje berre mjølkebøndene. Dyreeigar sine haldningar og kunnskap har mykje å seia for dyra si velferd.

Mange geitebønder kan mykje om dyra sine behov. Samtidig ser me eit aukande tal på nyetablerte buskaper. Mange av desse har for lågt kunnskapsnivå, noko som er ei trussel både for velferda til geitene i buskapane, men og for smittesituasjonen til dei sanerte buskapane som beiter i same område. Det er difor ønskeleg å få på plass eit kompetansekrav for å starte med geit, uavhengig av buskapsstorleik. Med etableringa av ei helseteneste er det naturleg at ein også på geit kjem i gong med Dyrevelferdsprogram. Gjennom dette programmet kan ein sikre kontinuerleg arbeid med kunnskap og haldningar om velferd. Eit slikt program må omfatte både mjølkebønder, ammegeitbønder og einingar med geit som landskapspleierar. Det bør og formaliserast kompetanse om avliving.

 

Dette innspillet er formelt avsendt av styreleder og generalsekretær i NSG, men er for en stor del utarbeidet av styremedlem Åshild Øritsland Våge. Organisasjonen har fått gode innspill gjennnom en intern høringsprosess sommeren 2023. Styret i NSG vli gjerne understreke at prosessen fram mot dette innspillet har vært god, og at dette er resultatet av et godt medlemsdemokrati.