Nortura har i år over 160 ulike lammeprodukt i butikkane, som er rekordmange for merkevareselskapet. Konserndirektør Kjell Rakkenes seier Nortura har ein vekst i salet på lam.

- Per no ligg salet 350 tonn over fjoråret. Det svarar til ein vekst på 10 prosent frå i fjor, seier han til Nationen.   

Ett lammemåltid mer
I fylgje den siste prognosen frå Nortura vil årets overskot av lammekjøtt vera 1350 tonn, inkludert 1006 tonn importkvote. Ifylgje Matprat ville det ikkje vore overskot av lammekjøtt om forbrukarane hadde ete 1–2 fleire lammemåltid i året. Utfordringa, ifylgje Matprat, er å gjera lam til ei kjøttvare folk kjøper også utanom sesongane for fårikål, pinnekjøtt og lammelår.

- Tilgang på lammekjøtt er større enn tidlegare. No er utfordringa å få lam ut i marknaden utanom sesongane, som er haust, jul og påske, seier Even Nordahl som er råvarestrategisk ansvarleg i Matprat. Han seier dagens lammeforbruk er basert på sesongar, men trur likevel det er mogleg å selje lam heile året, og peiker på to tiltak:

- Ei satsing på heilårslam som gir ferskt lam i butikk heile året, og at forbrukarane blir merksame på at det finst lam i butikk utanom.