Av Eileen Aasheim, sekretær i Landslaget for reinsrasa norsk sau

Dalasauen vart i si tid avla fram frå gammalnorsk spælsau og fleire engelske sauerasar, fyrst og fremst leicester, men også sutherland og sjeviot. I perioda fram til 1950 vart dalasauen spreidd over store delar av landet, og på kort tid vart dette den dominerande sauerasen i dei indre bygdene på Sørlandet og Vestlandet og i dal- og fjellbygdene på Østlandet og i Trøndelag

Dalasauen er ein storvaksen og grovbygd sau. Vaksne søyer veg gjerne mellom 80 og 100 kg. Han er hovudsakleg kvit, men det fins òg svart og brun dalasau. Typiske rasekjenneteikn er brei nakke, store slake øyrer og brei mule med svart nase. Halen er lang, og klauvene svarte. Dalasauen skal ha god og brei rygg med kraftige lår og er kjent for stor mengde ull av god kvalitet. Vaksne søyer får oftast tvillingar og lamma veks raskt. Dalasau er ein frisk,  triveleg og spak sau som går roleg i fjellet, der han passar godt på lamma sine.

Dala, rygja og steigar er tre av våre nasjonale sauerasar av crossbred-type som danna grunnlaget for eit felles avlsarbeid på den norske crossbred-populasjonen. I år 2000 fekk denne populasjonen rasegodkjenning som norsk kvit sau (NKS). Dala, rygja og steigar var då i ferd med å forsvinne som eigne rasar, og det vart kjempa hardt for ta vare på dei.

Raselaget for dalasau, Landslaget for reinrasa norsk sau, teljer omlag av 100 medlemmar. Medlemmane er tilknytta lokallag i Vestland, Rogaland, Agder, Trøndelag, Innlandet og Møre og Romsdal. Nokre stadar aukar populasjonen, medan det andre stadar kan sjå ut som om det er ein negativ trend. Ikkje alle som har dalasau er medlemmar i raselaget, og ikkje alle besetningar er registrert i sauekontrollen. Kor mange dalasauer som finst er det difor knytta usikkerheit til, men i 2022 var det 800 rasegodkjende dala-avlssøyer registrert i sauekontrollen.

Dette betyr at dalasauen er rekna som ein trua rase, og det er ikkje til å leggje skjul på at det er utfordrande å drive bevaring og utvikling med så få dyr totalt. Restriksjonar med tanke på flytting av dyr gjer det endå meir komplisert, i nokre område nærast umogeleg. Målet er å auke populasjonen av ein dalasau med gode produksjonseigenskapar og helse.  Det er då svært positivt at fleire nye ser dei gode eigenskapane den reinrasa dalasauen har, og arbeider målretta både med inseminering og gode avlsdyr for å kome attende til dalasau i eigen flokk, eller ved innkjøp av livdyr der det er mogeleg.  At ein kan søkje om tilskot til bevaringsverdige husdyr for dalasauer med låst rasekode i sauekontrollen er eit ekstra pluss.

(Dalasau i Myrkdalen. Foto: dalasau-myrkdalen.com)

Landslaget for reinrasa norsk sau håpar at den reinarasa dalasauen etterkvart kan verte meir kjent og framstå som eit reelt alternativ som val av sauerase. Dersom du er nysgjerrig på rasen, oppsøk gjerne ei av dei private utstillingane som vert arrangert i haust eller ta kontakt med Landslaget for reinrasa norsk sau.

På utstillingane vert det privat kåring av verlam, og dømming av vaksne hann- og hodyr. Desse finn stad:

Hidra 8. september

Hægebostad 9. september

Toten 23. september

Rogaland 23. og 24. september

Vestland (Voss) 24. september

Møre og Romsdal 29. september

Engerdal 30. september

Selbu 1. oktober

Verdal 2. oktober

Dersom du vil prøve - kjøp deg eit lam eller to i haust:)

Vidare lesetips om dalasau: Som del av 100-års-jubileumet kjem det i haust ei jubileumsbok som omhandlar dalasauen sine opp- og nedturar dei siste 100 år i gamle Hordaland og Sogn og fjordane fylke. Ta kontakt med Reinrasa sau Vestland om du er interessert i eit eksemplar.