Det meste er klart til årsmøte i lokallaget vårt torsdag 26. januar
Det er vel 20 påmeldte, men det er både mat og plass til fleire, så berre kom
Vi er heldige og får besøk av Marianne Byrkjeland som skal visa og fortelja oss om den gode hjelpa gjetarhunden er for dei som driv med sau.
Eivind Myrdal frå Bondelaget vil orientera oss om stoda for veterinærvakta og vi har og med oss veterinær Per Inge Wetteland og vår eigen Kristin Semb Gjerde.
Alle som deltek på årsmøte vert i år med på "loddtrekking" der hovudgevinsten er
eit fenalår frå Nortura.
Ta turen til FK Kokstad torsdag kveld og få fagleg og sosialt påfyll.
Helsing styret