Denna vinteren har me ikkje planlagt noko kurs i bruk av gjetarhund. Me har heller tenkt å laga til fellestrening for dei som frå før har kurs, og eventuelt nye som er komen i gong med trening av hund. Dersom det er nokon nybegynnarar som ikkje er komen i gong med trening, og som heller ikkje har gått kurs før kan ta kontakt med Job Nedrebø Det blir lagt opp til samlingar annankvar søndag fram til slutten av mars mnd 2024. Tanken er at det skal vera sosialt og kjekt, og at me veiledar kvarandre etter beste evner. Eit bål eller ei bålpanna høyrer med om været tillet det. Sauene som blir brukt må vera hundevante. Det bør helst vera 8-10 treningsauer slik at me kan ha to flokkar som bytes. Om ein ikkje har nok dyr, kan eventuelt andre ta med. Samlingane er gratis, og du møter så ofta du har anledning

Treningsområdet Dag Dato Start kl.

Job Nedrebø Søndag 19.11.2023 14.00

Leif Norvald Meland Søndag 03.12.2023 14.00

Jorunn og Rune Nordtun Søndag 17.12.2023 14.00

Olaug og Magne Mæland Søndag 31.12.2023 14.00

Arvid Mathiassen Søndag 14.01.2024 14.00

Job Nedrebø Søndag 28.01.2024 14.00

Leif Norvald Meland Søndag 11.02.2024 14.00

Jorunn og Rune Nordtun Søndag 25.02.2024 14.00

 Olaug og Magne Mæland Søndag 10.03.2024 14.00

Arvid Mathiassen Søndag 24.03.2024 14.00