INVITASJON TIL JULEBORD 16. DESEMBER 2023

Styret i Hordaland sau og geit inviterer til julebord på Stord hotell laurdag 16. desember 2023.

Stord hotellet ligg flott til på eit høgdedrag like over byen Stord. Om lag 10 min. å gå til kjøpesenter, restaurantar og butikkar. Hotellet har høg standard og overnattingsgjester har gratis tilgjenge til Vikjo bad. For meir info: https://stord-hotell.no/

Gratis buss vert sett opp (med påkoplingspunkt for deltakarar) når me ser kvar påmeldingane kjem frå.

Prisar 

Overnatting i enkeltrom kr 1545,-

Overnatting i dobbeltrom kr 1745,-

4 rettars julemiddag (julebord) kr 1095,- pr. person.

2 rettars lunsj laurdag kr 455,- pr. person

 

Alt 1: Overnatting i enkeltrom + julebord kr 2640,- (Med lunsj vert prisen kr 3095,-)

Alt 2: Overnatting i dobbeltrom + julebord kr 3935,- (Med lunsj vert prisen kr 4845,-)

Alt 3: 4 rettars julemiddag (julebord) kr 1095,-

 

Bindande påmelding samt innbetaling til Hordaland sau og geit kontonummer 3480.16.13650 innan tysdag 31. oktober. Hugs å skriva namna på deltakarane på innbetalinga. Hugs også å senda mail eller sms til John Karsten Raunholm som skal prøva å rigga dette i tett dialog med styret med namn på deltakarar og kva alternativ ein ynskjer.

Mail: jora@fitjar.kommune.no

Tlf. 97501370

 

Agenda for dagen:

12.00 Lunsj på hotellet for dei som ynskjer det.

14.00 Me vitjar garden til Ronny Veum på Rommetveit. Han har ny driftsbygning og om lag

          250 vinterfora sau (NKS). Buss frå hotellet. (Tek ca 10. min.)

16.00 Dei som ynskjer det møter i Vikjo bad for ein drøs eller tek ein spasertur til sentrum

18.30 Me samlast i fellesarealet for litt mingling og enkle tevlingar

19.30 Julebord i selskapslokalet Oseberg

 

Vel møtt!    For styret John Karsten Raunholm