Kåring av værlam 2015

Det vert kåring av værlam på Bremnes ved Bremnes innkjøpslag på fredag 30.09 kl 1400.

Lamma må meldast på til Karluf eller Hilde innan Torsdag kl 1200.Ein kan også melde dei på direkte på nettet

Kåringsavgifta er satt til kr 140 pr stilte lam.

Dei som skal stilla med lam, tar med seg eigne grindar. Lamma skal stå i kve på bakken og ikkje i hengar/transportkasse.

Lamma må vera på plass før kl 1400.

 

Kåring av verlam 2016

 

Det er kåringsreglane 24.08.2016 som gjeld dette året,Det er ikkje endring av innmeldingskjema.

 

Det er LAMMEINDEKSANE på kåringsdagen  som skal nyttast ved kåringane. I PC kåringsprogrammet er den korrekte lamme-indeksen alltid oppdatert.For kåringssjåa i Hordaland vert det oppdaterte indeksar fredagane 23/9, og 30/9-16

 

PC sekretæren må sjå til at lammet som er til kåring ikkje har for sterk grad av innavl (slektssjekk).

Det er mange endringer i kåringsreglementet dette året, les dette nøye.

Les dette regelverket nøye og sett deg spesielt inn i dei reglane som gjeld dine dyr/rase.

Det skal IKKJE kårast lam på dispensasjon av rasane NKS, Sjeviot og Kvit Spæl i Hordaland, men i  område der etterspurnaden etter kåringslam er stor i høve til tilbodet, kan dommarane kåra på ”dispensasjon” frå minstekrav til einskildpoeng eller sumpoeng på små rasar som Ryggja, Blæs,Suffolk,Farga Spæl og lignende, men dei dyra skal kårast etter dei spesielle kåringsreglene for kvarrase/kåringstype.

Værer med helt kvit fell kan ikke kåres etter regelverket for flerfarga spæl og skal vrakes hvis de stilles til kåring etter dette regelverket .ref.regler får kåring av farga spæl

Skjema.

Eit eksemplar (kopi) av oppsummeringsskjema for sjået,navn på utstillar og tal lam kåra  og eventuelt sløyfeband og rosettar som ikkje er brukt, snarast etter sjået sendast til

Tore Atle Sørheim, Kattatveit 73, 5417 Stord.

Det er PC kårarane/arrangørlag som må ta ansvar for dette.

PC kåring.

Det vert PC kårarar på dei fleste sjåa  i Hordaland.

For at dette skal fungera greitt, så må dei som skal utføra denne jobben få ei oversikt over alle lam som er påmeldt til vedkomande sjå,  på førehand. Dyreeigar melder inn sine lam direkte til PC kårar

 

Kvalitetsmønstring.

Det vert inga kvalitetsmønstring på kåringssjåa i Hordaland i år.

Lilla sløyfeband vert som før, krav til lilla sløyfe er 27 poeng i rasane NKS og Kvit Spæl.

I smårasane må dei ha minst 35 poeng og innkludert krav til rasepreg minst 9, der det er mange poeng å gi slår ein i saman slik at da blir tilnærma lik «vanleg» dømming, men rasepreget er her SVÆRT viktigt.

Lillasløyfer vert tilsendt saman med kåringsklypene.

 

TIL LOKAL LAGA

 

NYTT i 2016 er at det skal betalast kr. 140,- for ALLE stillte lam til kåring (også dei som IKKJE vert kåra), men for Kvit Spæl rasekode 04, skal det betalast berre for kåra lam  og da skal væra TAK over kåringsplassen (dyr/dommarar/pc operatørar) lamma skal dømmast tørre.

 

Husk det er lokallaget som har ansvar for at krav til kåringsplass, overtrekkssko(ikkje dei blå små), Virkon S tablettar og pumpesprøyte til spyling av dommar kleda mellom gardane,  

 

Kåringsavgift.

Det er kåringsansvarleg i saualslaget som har ansvar for ei samla innbetaling frå sjået, når rekninga kjem frå HSG.

 

NB !! Desse skriva må det lokale saualslaget eller landbrukskontora rundt om i fylket gjera kjent for samtlege utstillarar ved å senda ut kopier til dei som treng det.

Gjer og kjent for utstillarane kor dei kan finna kåringsreglar og innmeldingskjema på NSG si internett-side www.nsg.no.

Og dette må skje snarast !!!

 

 

Med helsing

 

Tore Atle Sørheim

Kåringsansvarleg

90620154