I samarbeid med Nortura vert det arrangert kurs i bruk av sauekontrollen på MELING skule mandag 12/3 kl 1930.

Karluf Haakul fra Nortura blir med og viser kva muligheter som ligg i sauekontrollprogrammet, samt at han kan gje oss svar på utfordringar som den enkelte brukar har i bruken av sauekontrollen. For å dette til å bli ein lærerike kveld er det fint om du tar med eigen PC/nettbrett osv, slik at du kan prøve ut dei ulike mulighetane som finnes. Det vert høve til å kopla seg opp mot nettet på skulen slik at ein kan vera innlogga i kontrollen gjennom kvelden.

Sjølv om du ikkje er med i sauakontrollen er du velkommen til Meling på Mandag

Styret