På Mandag får me besøk av Sauabonde og tilførselsrådgiver i Nortura Per Johan Lyse

Per Johan vil ha eit inlegg om avl for bruksbuskapar. Kva muligheter har ein? Korleis blir økonomien påverka av valg av vær og saulam til påsett.

Me vil og diskutera korleis forskjellige avlstrategiar på dei ulike rasane kan påvirka egenskapane til rasen.

Ellers vert det litt info om slaktesesongen i haust. Vekter, klassing ,fett, salg osv.

Det vert også litt info om prisutsikter på lam/sau for 2022.

Velkommen til ein kjekke og lærerike kveld

Styret