Tronstad brukte eit drøyt minutt kortare tid enn nestemann på å klippa dei 15 sauene i finalen. I tillegg var det berre sølvmedaljevinnaren, Ola Skreen frå arrangørbygda, som fekk mindre trekk for dobbeltklipp og klippeskader, og dermed gjekk etnebuen av med seieren. 33-åringen blei med dette noregsmeister for andre gong. Førre gong var i Bjerkreim i 2007. Etne Sau og Geit gratulerer!

 Sjå meir om NM i saueklipping 2012 på sidene til Sau og Geit.