Fjøsmøte om utplukk av påsett 30.oktober
Kvam Sau og Geit inviterer til fjøsmøte der vi ser på utplukk av påsettlam måndag 30. oktober kl 19.00 hjå Brynjar Neteland. Per Johan Lyse frå Nortura bidrar til drøs rundt temaet.
Kvam Sau og Geit skipar til månadlege fjøsmøter i innefôringsperioden.
Måndag 30. oktober kl 19.00 møtast vi hjå Brynjar Neteland i Steinsdalen, Neteland 36.
Per Johan Lyse frå Nortura kjem og held innlegg om tema utplukk av påsettlam og holdvurdering. Her har vi sikkert alle litt ulike tankar og strategiar å diskutere.
Minner om smittevern - still med klær som ikkje er brukt i fjøs sidan sist maskinvask. Det vert utlevert overtrekksstøvlar.
Du får kaffi og noko enkelt å bite i.