Søndag 28.08 arrangerte Lindås og Meland Sau og Geit fjelldag på Steinsland i Modalen.

Dette er tredje året på rad at me har eit slikt arrangement. Tanken er at me skal vera i eit fjellområde der medlemmane våre har dyra sine på beite slik at me alle får eit innblikk i både positive ting og utfordringar som me slit med i våre beitelag. Det er og ein stor fordel og verta kjent i andre områder enn akkurat dei som me går i til vanleg.

 

Det var 17 stk som deltok på turen i år. Ekstra kjekt var det at det var 4 stk frå Askøy som hadde tatt turen for å vera med oss. På Steinsland vart me tatt imot av leiaren i Nordhordland beitelag, Kåre Wiik. Han fortalde litt om historien til laget heilt frå starten og til i dag. Utfordringane deira er at det er for få beitedyr og sankarar i forhold til areala. Så her er det berre å melda si interresse dersom ein treng beite til dyra sine.

Turen gjekk frå anleggsveien på Steinsland, over fjellet og inn til den kjente Solrenningshytta og ut at langs  løypa til turlaget. Dette var ein tur i lett terreng og fantastisk flott natur.

Med på turen var Asle Hindenes frå Bergen turlag. Han lærte oss om bruk av kart ,kompass og gps. Han hadde og ein del tips ang bekledning og kva slags mat ein skal eta når ein går i fjellet.  

 

Konklusjonen er at me hadde ein fin og lærerik dag for både store og små. Plananen er allerede lagt for neste år so då håpar me at fleire tek seg tid til å vera med på ein sosial og trivelig tur i fjellet.

Tekst og foto: Anders Konglevoll