Hordaland Sau og Geit inviterer til fagtur m/julebord
Laurdag 19. desember går turen til Hotel Ullensvang i Indre Hardanger der det vert julebord. Det vert faginnslag og besøk som legg grunnlaget for ei triveleg helg ilag med andre saueinteresserte.Det er no klart for påmelding.
Det vil bli sett opp bussar etter kor mange som melder seg på turen. Vi møtest til lunsj på hotellet kl 13.00. Etter lunsj skal vi vitja to sauebruk på Brattespe. Vi treng oversikt over kor mange som skal vera med på gardsbesøka p.g.a. transporten. Gje melding om dette når du melder deg på. Kl 19.00 står julabordet klart til oss med dans etterpå.
For dei som vil ha sosialt og fagleg påfyll, er det berre å setja av helga 19-20. desember.
Prisar
For dei som ikkje treng overnatting: lunsj lørdag kr 235.- og julabord kr 725,- pr. person
Lunsj, overnatting m/frukost i dobbeltrom og julabord kr 2.290,- pr. person
Lunsj, overnatting m/frukost i enkeltrom og julabord kr 2.490,- pr. person
Påmelding innan onsdag 25. november til: HSG v/Nils Inge Hitland, e-post nils.inge@salmongroup.no eller mobil 913 07 371.
For dei som melder seg på pr. e-post trekk vi ein heldig vinnar, som får turen til halv pris, av dei som har rett svar på oppgåva under. Kven er dei to som gøymer seg bak nissen? Tips,sjeldan einige.
Helsing styret i HSG