Ikkje Ny Giv for NLR Hordaland
Norsk Landbruksrådgiving Hordaland går ut av prosjektet Ny Giv for sauen i Hordaland
Dette melder dagleg leiar Liv Lyngstad i brev til HSG. Grunngjevinga er for dårleg betaling for arbeidet dei skulle utføra i prosjektet. Fylkesmannen si landbruksavdeling hadde føreslege kr 350 pr time, medan NLR Hordaland ville ha kr 675 pr time.
Ny Giv for sauen i Hordaland tek sikte på å nå flest mogleg av sauehaldarane i fylket vårt. Dette skal vi oppnå gjennom auka aktivitet i lokallaga våre og godt samarbeid mellom partane som deltek i Ny Giv. Skal vi nå målet med prosjektet vårt, må vi nytta dei offentleg tilførte midlane på ein måte som kjem flest mogleg av sauehaldarane til gode.
På bilde under ser vi arbeidsgruppa i Ny Giv. Frå venstre: Karluf Håkull, Nortura, Reidar Kallestad, Hordaland Sau og Geit, Hilde Håland, Fatland og heilt til høgre prosjektkoordinator og fylkesagronom Svanhild Aksnes.