Velkomen til spennande fagprogram om ull

I samband med årsmøtet i Interesselaget for farga spælsau ynskjer vi å invitere alle som vil lære meir om spælsauulla å vera med på fagprogrammet. Sjølv om vi ser mest på farga ull, er det mykje å lære om m.a. marg, spenst, glans, filting og fiberdiameter. Vi vil òg få forklara skilnaden på ull i klasse I og klasse II.

Innleiarar er Sissel Berntsen i Fagtenesten for ull, og Borghild Øyna frå Norilia Ullstasjon i Sandeid. Gode rettleiarar er kåringsdommarane Norman Holmen og Ken Lunn. Vi får sjå utstilling av ull som er førehandsvurdera, og vi får trene på å vurdere ull sjølv.

Tid: Laurdag 17. mars frå 13.00 til 17.00.

Stad: Bergen Scandic City

Gje ei melding til Kari Tellefsen på 45405554 slik av vi veit kor mange som kjem. Interesselaget dekker kostnadane, så dette er gratis!