John Morken har no overdrege garden til neste generasjon. Han synest difor det var ekstra gjevt å motta avstatuetten siste året han dreiv garden. 

Interessa for saueavl har vore på topp i alle åra han har dreve. Han synest framgangen på dei ulike måla i avlen har vore stor. Mange eliteverar har kome frå John sin buskap.

200653512 SYVER er ein ver som har mange gode døtre. Morsevneindeksane 121(vår) og 136(haust) stadfester dette.

Vi ønsker John lukke til som «konsulent» og kårkall.

Ove Holmås, styremedlem i NSG stod for overrekkinga av diplom og avlsstatuett til John Morken for ver nr 200653512 SYVER