Julebord
Hordaland sau og geit ynskjer med dette å invitere medlemer til julebord helga 11-12 desember til Ullensvang Hotell.
JULEBORD HORDALAND SAU OG GEIT.
Hordaland sau og geit ynskjer med dette å invitere medlemer til julebord helga 11-12 desember.
Etter nokre spesielle månader er det gledeleg at me no endeleg kan møtast att til sosialt samvær.
Styret i HSG har bestemt at me vil prøve til igjen med julebord, noko som har vore eit populært tiltak.
Turen i år går til Hotel Ullensvang på Lofthus helga 11-12 desember. Det vert også eit besøk på eit nærliggjande gardsbruk. ( kjem tilbake seinare med kvar me reiser)
Tradisjonen tru vert det buss frå Føyno-Sandvikvåg-Halhjem-Arna-Voss til Lofthus, med retur same veg søndag.
Grunna stor pågang på hotellet er det ynskjeleg med tidleg påmelding til julebordet.
Ved påmelding oppgje behov for: enkel/dobbelt rom samt om ein ynskjer å følgje bussen.
Frist for påmelding 12 November.
Priser for julebord 11/12/2021- 12/12/2021.
11/12/2021 – 12/12/2021 Julebord |
2630,- for enerom 2030,- per person i dobbeltrom |
I overnevnte pris er følgende inkludert:
- Overnatting med frokost
- Lunsj lørdag
- Gløgg og peiskos i Gildestova
- Aperitiff før middag
- Julebordsbuffet mellom 19:00 – 21:00
- Inngang til festlokale med live-musikk og dans
- Gratis inngang til Ullensvang Bad -og Velværeavdeling
- Gratis parkering
For de som måtte ønske å komme på fredag, kan vi tilby følgende:
10/12/2021 – 11/12/2021
Tilknyttingsdøgn* 2085,- for enerom
1485.- per person i dobbeltrom
*kun bookbart i forbindelse med julebord 11/12 – 12/12.
I overnevnte pris er følgende inkludert:
- Overnatting med frokost
- Middag
- Gratis inngang til Ullensvang Bad -og Velværeavdeling
- Gratis parkering
Påmelding til: Kjetil Rødland 91179771 eller mail: kroedlan@online.no