Fusa Sau og Geit arrangerte kåringsjå i samband med Fjord`n Senter sitt arrangement "Markens Grøde" forrige laurdag. Kjøpesenteret i Eikelandsosen fekk denne laurdagen meir besøk enn ein vanleg laurdag, og landbruket i Fusa fekk vist seg fram på ein utmerka måte.

I eit telt ved parkeringa møtte 9 utstillarar med 52 lam til kåring. Av desse vart 46 kåra. Det stillte lam av rasane NKS, farga spæl og pelssau. Av NKS-lamma var det lam nr 201252960 frå Øystein Havsgård som oppnådde høgast poengsum og domarpoeng. Lammet med Høysak som far fekk heile 180 poeng med kroppspoenga 10-9-10-9.

Domarpoenga vert notert.

PC-kårarane gjer ein viktig jobb med innlegging av alle data frå døminga. Her ser vi PC-kårar Karluf Håkull som informerer utstillar Kristin Henanger om resultatet på eit av lamma hennar.

Det er viktig med noko godt i magen. Her ser vi Hans Olav Djupvik som smør tjukt på.

På slutten av ein lang dag ser vi at Karluf er trøyt. Han må likevel gjera kåringsskjema ferdige. Då er guten heldigare. Betre pute enn eit kåra verlam er vanskeleg å finna, når ein vil ha seg ein lur.

Takk til Leif Trygve Berge for innsendte bilete.