Møt ekte sauebønder i utvikling
Den 2. og 3. mars arrangerer NyGiv erfaringsmøter i Knarvik og på Stord. Du får møte ekte sauebønder i utvikling som fortel om sine erfaringar.
NyGiv har fire utvalde buskaper som har jobba med aktuelle faglege utfordringar. Felles for alle buskapane er eit ope ynskje om å forbetre drifta og at dei har sagt seg villig til å dele sine erfaringar i dette arbeidet gjennom NyGiv.
Den 2. og 3. mars inviterer vi i samarbeid med lokallaga til fagmøte der du får høyre om erfaringane i desse fire buskapene.
- Innlegg ved Bodhild Fjelltveit: Bodhild og Arne Fjelltveit og mannen driv i Hausdalen i Fana og har jobba spesielt med to endringar i drifta dei siste åra. Dei har fått sponsa ein elitevær gjennom værering 154 og dei byggjer nytt sauefjøs.
- Innlegg ved John Karsten Raunholm: John Karsten Raunholm på Fitjar har jobba med å redusere lammetap i buskapen sin. Han har fått hjelp med denne utfordringa frå Hilde Håland i Fatland i samarbeid med veterinær.
- Innlegg ved Audun Seilen: Håvard Øvsthus og familien på Varaldsøy har starta med gjetarhund. Gjetarhundnemnda har følgd opp familien gjennom oppstarten. Då Håvard ikkje har høve til å vere med på desse møta vil Audun Seilen fortelje om korleis dette har gått. Audun er leiar i gjetarhundnemnda i Hordaland.
- Innlegg ved Jan Tommy Midgård: Jan Tommy Midtgård i Lindås har flytta buskapen sin til nytt fjellbeiteområde frå Nordhordland og til Hardangervidda. Han vil fortelje om sin erfaring med dette.
Vel møtt: 2. mars på Stord ungdomsskule kl 19.00 3. mars i Knarvik kl 19.00 |
Ja, du får sjølvsagt kaffe og noko å bite i!
Foto: Nyfødde lam hjå John Karsten Raunholm, foto Raunholm.