Mykje folk på felleskåringa på Stend
Lokallaga Askøy, Sotra, Osterøy og Bergen og Os hadde felleskåring saman med Open Gard på Stend Vidaregåande skule laurdag 24. september.
På kåringa stilte rundt 120 lam og der var mange flotte dyr av fleire rasar. Det var oppvisning i bruk av gjetarhund, saueklipping og spinning av ull.
Godt vèr bidrog til høge besøkstal og frå kl 11 til 15 var det jamnt fullt av folk, truleg var fleire tusen innom i løpet av dagen. Open Gard på Stend hadde og ein del kjekke aktivitetar.
Me takker Bergen og Os Sau og Geit som har planlagt og arrangert dette saman med Stend.
Under kan du sjå ein del bilete frå dagen.
For Region 3
Andreas Vorland