Gjetarhundnemda har frå prosjektleiinga i «NY GIV I SAUEHALDET» som HSG står bak, fått ansvar for prosjektet «KORLEIS STARTA MED GJETARHUND FOR FØRSTE GANG». Prosjektet går ut på å følgja denne prosessen hjå ein familie på eit sauebruk. Ei spennande oppgåve som me takka ja til på strak arm. Frå nemnda er det Egil Øvstebø og Audun Seilen som følger opp dette prosjektet.

Me diskuterte saka, og satte ned følgjande kjøreplan, som me ynskte presentera for aktuelle kandidatar til prosjektet.

Prosjektplan,  2013 -  2016.

  1. Finna aktuell kandidat (vinter 2012 / 2013).
  2. Prata gjennom problemstillingar, ..er fører vant med hund, er sauen hundevant eller ikkje, skal ein satsa på kvalp eller dressert, hann eller ho? (vinter 2012/2013).
  3. Skaffa erfaren, passe sterk hund 6 – 10 år. (vinter / vår 2013)
  4. Prøva seg fram, finna ut av ting, begynna på gjelddyr. (sommar / høst 2013)
  5. Delta på fellestrening, evt òg få hjelp med sauen av annen fører og hund. (høst 2013).
  6. Ta meir og meir i bruk hunden, òg begrensa bruk i fjellet på sankinga. (haust 2013)
  7. Delta på gjetarhundkurs. (2013 / 2014)
  8. Gå klasse ein, få bruksprov på ekvipasjen.  (2014)
  9. Starta med ny kvalp. (2014 / 2015)
  10. Jobba vidare med «gamlehunden» samtidig som ny kvalp følges opp.
  11. Årlig reportasjer leveres «NY GIV» prosjektet HSG.

Så var me i gang 

Me har funne ein perfekt kandidat, som òg har sagt ja til å vera med og til å dela sine erfaringar på vegen. Margunn og Håvard Øvsthus bur på  Varaldsøy, på garden Øvsthus. Dei har tre gutar,   Andreas 14 år, Helge 12 år og Erlend 9 år.  I tillegg har dei òg god hjelp frå kårfolka , Hildur og Hilmar Øvsthus.

        Frå sauesankinga på Hardangervidda

Byggjer nytt sauefjøs, aukar opp flokken og startar i nytt fjellbeite der det er krav om god gjetarhund.

Korleis skal  ein få dette til når gjetarhund er nytt for både eigar og sau?

Pluss er det òg at Egil er i same fjellbeite og kan følgja opp der.

Etter ein kveld på Osterøy der me diskutert aktuelle problemstillingar, kjørte både  unghundar og meir erfarne arbeidshundar, vart me einig om at det optimale ville vore å starta med ein erfaren hund 6 – 10 år, med nok styrke til å takla ny sau. Minst like viktig at den var lydig, brukt mykje og hadde mest mulig erfaring.

Me fann Hawaii, 7 år som var for salg. Denne vart kjøpt våren 2013, og dermed var det heile i gang.

Mi og Egil si erfaring så langt er at dette går etter planen så godt ein kan forventa.

Her kan de ta del i Margunn og Håvard sin eigen versjon så langt

Me hadde i fleire år tenkt på å skaffa oss ein gjetarhund, men var usikre på korleis me skulle koma i gang. Me fekk råd frå fleire som har gjetarhund om at det kunne vera ein fordel å starta med ein vaksen hund.

Etter at me hadde fått Hawaii til gards starta me med trening av sauer og eigarar. I starten var det litt vanskeleg å få sauene til å lystra hunden. Enkelte av dei eldre sauene fann seg ikkje i å bli jaga rundt av ein hund, og ville heller prøva å ta hunden. Me prøvde å fokusera på å trena med dei yngste sauene og lamma, for dei eldre skulle snart utrangerast uansett. Me prøvde og å trena med nokre få sauer om gongen, slik at ikkje sauene samla seg i ein stor flokk. Etter kvart gjekk det betre og betre. Me var heldige som fekk tak i ein så godt trent hund. Det var ikkje noko vanskar med å få hunden til å lystra, det som var problemet var å få sauene til å bli vane med å bli gjeta av hund.

For fyrste gong sende me sauene til fjells på Hardangervidda i sommar. Fleire gonger var me oppe for å flytta på sauene for å få dei til å gå på rett plass i beitet. Då var det god hjelp i Hawaii.

      Blir trøtt av å sanka sau

I september var det tid for sauesanking, og me var spente på korleis det skulle gå. Me såg snart at det hadde vore vanskeleg å sanka sau her utan hund. Hawaii gjorde ein god jobb, men me såg at våre sauer framleis var verre å jaga enn nokre av dei andre i beitelaget sine.

Samla sett har det vore ei positiv erfaring for oss å starta med gjetarhund. Utfordringa har vore å få sauene til å bli tilpassa bruk av hund.

Som de forstår, ser dette svært lovande ut. Familien Øvsthus har takla dette på ein god måte, og me gler oss til å fylgja dei vidare.

Andre artikkel kjem februar 2015.

Gjetarhundnemda i Hordaland

v/ Audun Seilen

Her finn du artikkelen og bilda i PDF-format