Nye møter - "Tjen pengar på sau"
Vel møtt i Øystese 7. januar og på Stend 8. januar 2015 til fagmøte om økonomi i sauehald. Februar 2014 hadde NyGiv møteserien "Tjen pengar på sau". Møta var populære og vil no bli halde på to nye stader, sjølvsagt med oppdatert innhald.
Den 7. og 8. januar held NyGiv fagmøte med Harald Pedersen frå Tveit Rekneskap. Pedersen driv sjølv med sau og vil kome med nyttig informasjon og dømer på korleis drifta påverkar økonomisk resultat.
Vel møtt til desse møteplassane:
Onsdag 7. januar, Øystese, kl 19.00 på Makalaus (kjellaren til Sutalaus, inngang på baksida)
Torsdag 8. januar, Stend jordbruksskule, kl 19.00
Du får sjølvsagt kaffe og noko å bite i!