Etter mange år med negativ utvikling i lønsemda i jordbruket, var det denne gongen forventningar til betring ,gjennom den nye landbruks -og matmeldinga som kom i vinter.

Nok ein gong ser vi at det manglar politisk vilje til å setja inn verkemidlar for å nå måla ein set seg.

Kvifor er det slik?

9 av 10 nordmenn ønskjer norsk matproduksjon på nivå med i dag eller høgare. Det er stor politisk semje om at landbruk er viktig for distrikta, for anna verksemd og for norsk matindustri. Det er såleis god oppsluttnad om måla.

Kva er då problemet?

På trass av at dei som sit med makta; Jens Stoltenberg og Sigbjørn Johnsen, er oppteken av arbeidarane sin kår, fell vi som produserer mat utanfor denne omsuten for rett til likeløn og ordna fritid. Tek ein dette opp med landbruksministeren svarer han at vi driv eigne føretak og såleis må ta ansvar for eiga drift, herunder inntekt. Slik svarer den som veit betre, men som er bunden i eit spel der eigne meiningar ikkje kan flaggast. Gjennom matmeldinga ser vi kva han eigentleg vil med norsk landbruk, han får berre ikkje dei som bestemmer med seg.

Korleis kan den politiske leiinga leva med at dei som produserer mat er kraftig underbetalte?

Jau, det kan dei fordi, vi er dobbeltarbeidande og såleis kan oppretthalda ei inntekt for familien på linje med andre arbeidstakarar. Reknar ein på timesbetalinga vi har for arbeidet med matproduksjonen, er denne langt under dei vi burde kunna samanlikna oss med. Dersom ein korrigerer for helge, kvelds –og nattarbeid vert denne samanlikninga endå dårlegare i vår favør.

Før nokon synleggjer desse tala for Jens og Sigbjørn har eg lita tru på at deira sosiale samvet fører til at dei engasjerer seg for oss som produserer maten deira.