Med nesten 100% oppmøte og engasjerte medlemmer er det lett å forstå kvifor denne Sjeviotringen ligg på topp i ringanalysen. Dei leverte og dei to verane som vart tekne inn til semin i fjor haust.

I år har Ring 141 vore i samanhengande drift i 45 år. Sjeviotsauen har gjennom mange år vore ein ettertrakta sau på Vestlandet då den betre kan nyttiggjera seg av kulturlandskapet gjennom heile året, enn dei andre langhala rasane.

I dei seinare åra med meir intensiv drift i sauehaldet har sjeviotsauen minka i antal. I dag er det ca.2000 sau som er med i dei 3 vereringane for sjeviot.(Ring 141 i Hordaland og Ring 163 og 171 i Sogn & Fjordane.

I 2009 vart det etter oppmoing frå avlsjefen i NSG oppretta eigen avlsplan for sjeviot. Ein kan no  utvikla sjeviotsauen i den retning ein ynskjer ved eigen vektlegging av deleindeksane.

Litt om sjeviotsauen samanlikna med NKS / Svartfjes.

• Sjeviotsauen er ein robust sau med gode bruksegenskaper for å utnytta beiteområda våre gjennom året, god kjøttsetnad og god ull.  Samanlikna med NKS er den mindre.

• Han lagrer meir fett i kroppen enn NKS, og kan difor betre nyttiggjera  seg av naturresursane, og pleia kulturlandskapet på vestlandet gjennom heile året. Treng mindre kraftfor enn NKS. Dette gjev totalt sett klare innsparingar på utgiftsida. På bra vegetasjon kan sjeviotsauen gå ute heile tida i vedlikehaldsfôringsperioden, frå midten av desember til slutten av februar, under normalvintrar i midtre og ytre strøk.

Det er det gjort forsøk med å kryssa inn Rygja/NKS i sjeviotsauen. Desse kryssningane måtte etter ei stund settast inn på foring.

• Gjennom avlsarbeid dei siste 10 åra har forskjellen mellom sjeviot og NKS auka.Lammetalet på NKS har auka i forhold til Sjeviot og ikkje minst har NKS avla vekk meir fett. Dette fører til at ein i dag har ei meir intensiv  drift på NKS. Kraftformengda har auka .Ein treng og betre beiter både heime om våren og  på fjellbeite.

• Mange av dei som i dag driv med svartfjes kunne betra økonomien vesentlig ved å gå over til Sjeviot.Ein er ikkje klar over potensialet til sjeviotsauen.Her burde det vorte starta forsøk.

• Sjeviotsauen har og den beste ullkvaliteten. 

For den totale økonomien i sauehaldet ,og for å utnytta beiteområda på Vestlandet gjennom året, er det viktig at ein held fram med godt avlsarbeid på sjeviot for framtidig sauehald.