Osterøy Sau og Geit og andre faglag innan landbruket arrangerte landbruksdagar i Osterøyhallen siste helga i september. Laurdagen var det kåringsjå og denne dagen var nesten 1000 besøkande innom. Lokallaga Osterøy, Fana og Åsane Sau og Geit gjekk i fjor ilag med felles kåringsjå. Detteåret møtte 117 lam og av desse vart 108 kåra. Lamma var av rasane NKS, Spæl, Farga Spæl og Pels. Felles kåringsjå gjev større miljø og meir interesse frå publikum.

På bilete over ser vi domar Olav Solheim som vurderer eit av lamma til underteikna og Olaug Hove Hitland. Simen til høgre på bilde føl nøye med. Simen starta opp som kåringsdomar i fjor berre 18 år gamal. Interessa for sau er stor, og spesielt interessa for avlsarbeidet. Simen er med i Ring 154 avd.1 og stillte denne dagen 9 NKS-lam til kåring. Skuffelsen var stor når lammet etter Høysak med indeks 148 vart vraka pga marg i ulla. Smilet kom tilbake då lam nr 122007 fekk kåringsklype med domarpoenga 10-9-10-9 og 175 poeng. På premieutdelinga gjekk mange av dei gjevaste premiane til Simen for dette lammet. Lammet var etter ein av prøveverane i ringen som ligg an til å få høg indeks. Sjå kåringsskjema her.  Simen hadde og beste Spællam. Dette fekk domarpoenga 9-9-9-9 og poengsum 159. Sjå kåringskjema her. Simen driv garden ilag med foreldra og har svært gode resultat. Dette året var middel haustvekt 53,6 kg. 

                                              Domar Gisle Fjæreide undersøker ulla i lupe, medan Olav Solheim bruker sitt kritiske blikk

Ein annan som stillte med svært gode lam er Erik Gustavsen. Han stillte 14 Farga Spællam. Heile 10 av desse fekk meir enn 60 poeng på domarpoenga, det høgste 63 poeng. Sjå kåringskjema her.

Osterøy Fjordhestlag stillte med fjordhestar og ein kjøyretur med desse var populært.

Ordførar i Osterøy, Kari Aakre følgde nøye med på døminga av lamma.