Velkommen til gjetarhundprøve
Søndag 1. november kl. 10 vert det gjetarhundprøve på Skjerping, Osterøy.
Dette vert årets siste distriktsprøve i Hordaland og går i klassane 3, 2 og 1. Oppstart med klasse 3 kl. 10.
Me fortset suksessen frå Voss og tilbyr open "kids-klasse".
Etter avslutta prøve vert det oppsummering og premiering av Hordalandscupen.
Påmelding til Audun Seilen innan torsdag 29.10.15: audusei@online.no, tlf: 995 63 949.
Sal av betasuppe, kaffe og kaker.
Ynskjer deltakarar og publikum velkommen til ein triveleg sundag.
Frå Osterøybrua er det 10 minutt kjøring til Skjerping.