Fagtur om rovvilt og beitebruk
Fylkesmannen inviterer sauebønder og kommuneforvaltning til fagtur til Oppland og Hedmark 22.-23. september. Temaet for turen er rovvilt og beitebruk.
Stortinget har vedtatt ei dobbel målsetting om både levedyktige rovviltbestander og aktivt beitebruk i mange av dei beste beiteområda i vårt fylke og i andre fylke. For å få eit perspektiv på våre eigne utfordringar, vil vi invitere til fagtur for dykk som kjenner rovdyrproblema på kroppen.
I 2009 vart det arrangert ein slik fagtur til Nord- Trøndelag. Vi ønskjer å arrangere ein ny tur, denne gongen til nabofylka i aust, Oppland og Hedmark. Vi kjem til å fokusere mest på Oppland, men vil kjøre innom Folldal kommune i Hedmark på tilbaketuren. Vi vil besøke nokre av dei mest sauetette og rovviltutsette kommunane i Oppland, Dovre, Nord- Fron og Ringebu, og høyre om utfordringane deira, både frå sauehaldarane sjølve og frå forvaltninga på kommune- og fylkesnivå. Dei ønskjer også ein erfaringsutveksling og dialog med oss.
Vi skal i tillegg få med oss litt anna fagstoff om sau og beiting. Vi besøker Ramshytta gjetarlag på Ringebufjellet. Dei har store utfordringar med rovvilt, men vi vil òg få høyre om deira organisering av utmarksbeiting. Dei har m a eit stort sanke-skiljeanlegg å vise fram. Vidare vil Fylkesmannen i Hedmark informere om deira spennande småfeprogram for fjellregionen i Hedmark og Sør- Trøndelag.
Ikkje minst vil vi på ein slik tur få tid til å drøfte eigne utfordringar og dele erfaringane vi har fått her i fylket. Vi køyrer felles buss, og plukkar opp folk etter nærmare avtale.
Sauehaldarar i område med mykje tap til rovvilt vil bli prioriterte dersom det blir rift om plassane.
Eigendelen til deltakakarane skal kun dekke utgifter til mat, og kjem på om lag kr. 700,-.
Program - med atterhald om små endringar- sjå her
Påmelding: Snarast mogleg, og seinast innan 5. september, til Åshild Melkeraaen, tlf 71258148. E- post: ashild.melkeraaen@fmmr.no