Norsk Pelssaulag haldt sitt landsmøte på Gardermoen helga 4.-5. mars.

I samband med landsmøtet vart det arrangert fagmøte om avl og kåring av Norges finaste pelssauskinn.

Pelssauen er ingen spreidd over heile landet. Det er såleis både vanskeleg, og ikkje minst dyrt, å få samla mange medlemmer til møter og arrangement. I haust vart det arangert medlemssamling på Oppdal med særs godt oppmøte. Det var difor ikkje så overraskande at deltakinga på Landsmøtet vart litt lågare enn ein kunne vente. Landsmøtet inneheld jo heller ikkje det viktigste i sausamanheng: fjosbesøk med levande pelssau.

Avlsarbeidet.

Avslsjef Thor Blichfeldt og avlsforskar Jette Jakobsen frå NSG innleia fagdagen. Dei var utfordra på å seie noko om status på avlsarbeidet og utfordringar vidare. Styret i laget hadde før jul sendt avlsleiinga eit notat, der ein kom med ei ynskjeliste på talgrunnlag. Mellom anna etterlyste ein tal for avlsframgangen for pelseigenskapane og genetiske samanhengar mellom dei ulike pelseigenskapane. Avlsframngangen for pelseigenskapane kan ein no finna på saueavl.nsg.no på lik line som for kjøteigenskapane. Jette presenterte i møtet fleire tal, tabellar og diagrammer som er særs nyttige når ein skal meine noko om avlsarbeidet. Pelssaulaget er svært nøgd og takknemnleg med den jobben avlsavdelingen i NSG gjer for Norsk Pelssau.

Avlsarbeidet var også meld inn som sak til landsmøtet. Etter at Thor og Jette hadde innleia vart det opna for diskusjon. Det temaet som opptar mange pelssauhaldarar er vektlegginga mellom kjøt og pels i avlsarbeidet. Tala syner stooor framgang for pelseigenskapane medan det ikkje har vore framgang for kjøt, altså for tilvekst, slakteklasse, morevne med meir.

På landsmøtet var begge syn representert, dei som vil ha likt eller auka fokus på pelskvalitet og dei som vil ha meir «kjøt på beinet». Diskujsonen og samtalen om avl fortsette uformelt utover kvelden. I Landsmøtet på søndagen samla landsmøte seg bak ein merknad om avlen vidare. Norsk Pelssaulag meiner pelssauen er best tent med å vera ein «indeksrase» som sorterer under avlsjefen i NSG. Norsk Pelssaulag er godt nøgd med samarbeidet slik det har vore og trur på stor påverknad på avlsarbeidet framover, sjølv om det formelle ansvaret og beslutningane vil ligga til avlsjefen og avlsrådet.

 

Landsmøtesakene.

Det var eit elles «rolig» landsmøte. Økonomien i laget er god. Ingen hadde merknader til rekneskap og årsmeldingar. Den store aktiviteten i Pelssaulaget, forutan avlen, er ordninga med felles bereiing av skinn hjå Donnia AB i Sverige. Her blir lagt ned mykje godt arbeid. Det gjer også at laget har stor omsetjing 1 million ut og inn. Rekenskapførar Leif Arne Nordheim hausta ros for den jobben han gjer for laget. For 2023 var det vel 800 bilag i rekneskapen, her er ulike kronekursar ved inn- og utføring av skinn, tollsatsar m.m. Norsk Pelssaulag er heldig som har Leif Arne til å ta dette arbeidet.

Ved valet gjekk Grete Stokstad ut or styret etter 8 års solid innsats. I Styret var ho den som hadde såte lengst. Pelssaulaget har vore heldig som har hatt Grete sin kompetanse tilgjengeleg. Med Grete har laget gjennomført sine eigne medlemsundersøkingar som spørjeundersøkingar og fått resultata analysert.

Ny i styret vart Irene Amungard frå Lesja, sjå bilete over vinnarar i skinnkonkuransa. For resten av styret vart det attval. Så styret består elles av Knut Sveinung Kleppa som leiar, Jan Sandblost, Terje Bakken og Jarle Skartun.

Landsmøtet vedtok at Norsk Pelssaulag skal kunne tildele heidersteikn til personar som har gjort ein særleg innsats for Norsk Pelssau, pelssaueigarane, pelssaulaget eller pelssauskinnet som produkt. Så under landsmøtemiddagen laurdag kveld vart Gudmund Skotte som den første tildelt heidersteikn for sin innsats. Gudmund er no Æresmedlem i Norsk Pelssaulag. Til grunn for tildelinga ligg arbeid i styret, avlsarbeid mellom anna som landsdommar og kurshaldar. Gudmund har alt fram mange gode verer. Grommast mellom desse Skott Merkur 201524004, han var avkom etter svensk semin. Skott Merkur er mest eit omgrep i pelssauavlen, den står framleis med 123 i indeks, har 58 døtre spreid over heile landet og dukkar opp i slekstreet til (litt for) mange av dagens verer.

Til skinnkonkuransa hadde pelssaulaget hyrt inn ugjilde dommarar frå Sverige. Gøran Carlson er Riksdommar (Svenske fåravelsforbundet har berre 8 i høgste dommarklassen!) og Anna Tårnfeldt som sit i styret Svenske fåravelsforbundet med ansvar for sein og avl tok på seg oppgåva. Dei deltok også på fagmøtet om avl, og kom med faglege innspel og fortalde om korleis ting vart gjort i avlsarbeidet på «tvillingrasen» til pelssauen det svenske Godtlandsfåret.

I skinnkokuransa var det i år to klassar, skinn med lang ull og skinn som er nedklippa. Vinnar i begge klassar vart Tom Erik Landemoen og Bente Lande frå Skollenborg. Dei er ikkje med i ringarbeidet og syner såleis at det fullt mogleg å nå gode resultat utan å vera med i ringarbeidet. Det syner også at me er flinke til å spreie avlsframgangen i ringane ut i resten av populasjonen. Dei tre beste skinna i kvar klasse blir premiert med diplom og stempel i på hudsida på skinnet. Dei andre som vart premiert går fram av bildetekstane.