Kurset var fullt, og det møtte deltakarar frå Vest Agder, Rogaland og Hordaland for å læra seg inseminering på geit. Det møtte 2 personar frå besetningar med mjølkegeit, og 8 frå besetningar som driv kjøtproduksjon med boergeit.

Med dette kurset får me mulighet til å blant anna nytte importsæd, slik at ein kjem seg unna innavlsutfordringar og får nytt blod inn i populasjonen av boergeit på ein trygg måte, utan sjukdomsrisiko.

 

Kurshaldar var veterinær Anders Hilde frå Sandane. Dyktig og engasjert kar med lang erfaring med småfe.

Kurset var lagt opp med ein teoretisk del, der me tok for oss anatonomi, fysiologi, brunst, behandling av sæd og sjølve insemineringsteknikken med meir. Deretter gjekk me ut i fjoset, der alle fekk prøve seg på å "inseminere" geiter.

 

Kurset var vellukka, og det var ein engasjert og hyggeleg gjeng som var samla. Mange nyttige faglege diskusjonar hadde me,  og nye kontaktar vart knytta. 10 nye inseminørar er klar for innsats i eigne fjos.