12 personar møtte fram då Stian Espedal viste oss korleis ein røynde slaktar går fram frå avliving til lamma hang på krok. Han viste og korleis ein tar vare på blod og innmat.

Etter matøkt og drøs viste Stian rett oppartering av eit lam, som han hadde med frå Notura. Dette vert fordelt etterpå på deltakarane. Det var og høve til å kjøpa slakte utstyr.

Mange takk til Stian og fam. Møgedal for ein god stad å halda til.