Breim og Gloppen Sau og Geit arrangerer fylket si største kåring av vêrlam. Storhendinga går føre seg på Fjordhestgarden på Breim. Her vert samla sauer frå heile Gloppen. For 2 år sidan stilte 132 lam og vi håpar på tilsvarande i år.

Vi siktar mot ein triveleg familiedag inne i ridehallen på Norsk Fjordhestgard. Det vert aktivitetar for både store og små. Natursti for ungane og tippekonkurranse på vekta av vaksne verar. Mulighet for ungane til å ri på hest. Det vert kaffiservering og noko å bite i nede i hallen. Det er høve til å kjøpe betasupa eller pølse på låven frå kl.12-14.

Meld på lam og møt opp med heile familien! Også om du ikkje stiller lam i år, bør du ta med familie og venner og bruke dagen på Fjordhestgarden.

Det er nokre endringar av reglane i år:

  • Seinast dagen før kåring må alle opplysningane vere korrekt registrerte i sauekontrollen, også haustvekt og haustvektdato.

  • For NKS-lam er O-indekskravet heva frå 110 til 115.

Lars Myklebust vert stemneansvarleg på kåringa.

Hugs påmelding til Ove Sørestrand, 6947 Lavik tlf:577 06 170 ove.sorestrand@tine.no seinast 2 dagar før sjået.

Breim og Gloppen Sau og Geit.