«Sheepsignals» er utvikla av det nederlandske firmaet Vetvice. Det er den entusiastiske dyrlegen Joep Driessen, ein av oppstartarane av Vetvice, som kjem til Noreg  for og halde kurs. Dette er eit kurs for produsentar, dyrlegar, fôringsrådgjevarar, fjøsplanleggjarar og
andre saueinteresserte om praktisk sauehald. Fokuset er behovet til sauen og kva ein kan gjere av førebyggjande tiltak med omsyn til oppstalling, helse og fôring m.m. Om sauen har det bra, går produksjonen betre og saueprodusenten sitt att med ein betre økonomi.