Sjukdommar på søyer ved lamming
Her er ein veldig god fagartikkel
Her er ein veldig god fagartikkel
Det organiserte avlsarbeidet i Sogndal er det Sogndal og Leikanger Veraring som utfører.
Styret er samansett slik:
Ivar Henjum - leiar
Bjarte Stedje
Jan Ove Øyrehagen
Utmarksbeite er grunnstammen i det norske sauehaldet og grunnen til at me kan vere stolt av det produktet me leverer frå oss.
Lamma vert fødde frå medio april til medio mai og vert sleppt på beite so snart dei er i stand til å følge mora og få i seg mjølk, som regel berre nokre dagar gamle. Her går dei på innmarksbeite frå nokre veker til ein månad før dei vert sleppt vidare på utmarksbeite. På utmarksbeite går dei saman med mora eller i familiegrupper i tre-fire månader til dei er slakteklare. vanlegvis har dei då vakse seg store frå rundt ti kilo på heimebeite til rundt femti kilo levandevekt på hausten. Kun basert på naturlege og fornybare ressursar i fjellet!
Utmarka i Sogndal har mange interessegrupper og mange brukarar. Mange fleire enn ein finn andre stader. Likevel er det særs lite konflikter mellom friluftsliv og beiteinteresser i Sogndal, ut frå kva ein kan forvente. beitenæringa i Sogndal takkar for at dei som ferdast i naturen viser aktsemd overfor både beitedyr og ville dyr og melder frå om dei ser skadde, sjuke eller døde dyr på si ferd i denne fantastisk flotte naturen.
God tur!
Styret i Sogndal Sau og Geit 2015.
Her finn du årsmelding for 2014
Ullevering Fatland er på Ingafossen ved storhallen klokka 1600 torsdag 16. Nortura på kaupanger 1500 og vekta på hodlekve 1600 torsdag 16.
Hugs at nye sauekontrollen er mykje meir brukarvenleg enn den gamle.