Han har vori ein forkjempar for sauen og sauehaldarane sine tilhøve i Noreg i over 40 år. Hans innsats når det gjeld organisasjonsarbeid og avlsarbeid, er av det unike slaget. Særskild har hans utrettelege arbeid for den fleirfarga norske spælen ført til at denne rasen nå nærmar seg den norske kvite sauen (NKS) når det gjeld kjøtsetnad.

Olav Sem hylla òg Ingvar for hans utrettelege arbeid når det gjaldt å få til eit hovudfagstudie for praktiske og estetiske fag og eit folkekulturstudie i Rauland. Ingvar var saman med Lars Romtveit to av dei viktigaste personane når det gjaldt å få desse studia til Rauland. Ingar var tilsett ved Høgskulen i Telemark i 40 år.