Tommy tok for seg dei ulike produksjonstilskotsordningane som er aktuelle for dei som driv med sau. Det er i hovudsak 3 forskjellige ordningar. Arealtilskot, dyretilskot og tilskot i samband med regionalt miljøprogram. Det kom fram at  tilskotsordningane kunne variera frå kommune til kommune.

Torhild fokusara mellom anna på kor viktig det var at lamma får ein god start. Tilgang på godt vårbeite er særs viktig. Ho meinte óg at det var lønsamt å fore opp lam som ikkje opppfyller krava til kvalitetslam om hausten. Dette fordi det er eit ekstra tilskot på ca. kr. 180,- pr lam som vert klassifisert i O eller betre. Tilgang på godt haustbeite er viktig i denne samanhangen.

Det var ei uvanleg lydhør og engasjera forsamling. Det er eit ordtak som seier at det er like mange løysingar på ting som det er sauebønder. Forutsetningane når det gjeld både gardens ressursar og den enkeltes arbeidskapasitet varierar mykje. Dette syner at det er viktig at kvar enkelt vurderar kva som er mest optimalt  for si eiga drift. 

Det møtte ca. 25 medlemmer, så dette var tydlegvis tema som fenga.

Takk til Tommy og Torhild.