Banner Banner Banner Banner

Kalender

  Juni 2020
Ma Ti On To Fr
1234567
891011121314
15161718192021
22232425262728
2930     
       

Siste publiserte artikler

Kåringsjå i Sauland 2. oktober 2010

02.11.2010 | Skrevet av Sigve Frøland

Oppsummering av kåringsjået i Sauland 2. okt. 2010.

Det kom 20 saueeigarar med totalt 127 værlam til kåring. Av desse vart 107 kåra. Dermed vart 10 stk. vraka.

Dommarane meinte at ullkvaliteten på spælen var jamt over god. Når det gjaldt NKS’en så stod det litt dårlegare til med ullkvaliteten. Ellers var det mange fine kroppar.

Det beste kåra værlammet på sjået uansett rase blei ein NKS vær frå Liv Birgit og Halvor Ulvenes i Bø med kåringsnr. 201033065. Den fekk 10 poeng for kropp, 9 p. for bein, 8 p. for ullkvalitet og 10 p. for ullmengde. Denne fekk óg premie for beste eksteriør blandt NKS værane.

Det var 3 NKS værar på topp med lik poengsum, 167 poeng. Dommarane meinte at kåringsnr. 201033097 frå Unn Kristin og Håvard Jønnardalen i Langlim var den beste av desse med ein O-indeks på 135.Denne fekk difor premie for høgst poengsum. NKS væren med den beste ulla vart kåringsnr. 201033099 frå Unn Kristin og Håvard Jønnardalen med 9 poeng i ullkvalitet og 9 poeng i ullmengde.

Den spælværen med høgste poengsum vart kåringsnr. 201033201 frå Åse og Roar Fjeld i Sauland med 196 poeng og 130 i O-indeks. Spælværen med det beste eksteriøret vart kåringsnr. 201033214 frå Kari Tellefsen og Arne Vinje i Vinje med 10 poeng for kropp og 9 poeng for bein. Spælværen med den beste ulla, vart kåringsnr. 201033256 frå Ruth og Ingvar Sundvor i Sauland med 10 poeng for dekkulla og 10 poeng for botnulla.

Sjået vart veldig vellukka. Og det kom ca. 100 tilskoderar. Tippekonkuransen på vekta til Brekketopp og Blåtopp ga kr. 390,- i kassa.

Det at Olav Ullern kom, bidrog til at me fekk gode oppslag i media både før og etter sjået. Det var óg med på å gje sjået eit meir variera innhald. Ullern sa ein deil om den nye landsbruksmeldinga, og var tydeleg på at sauenæringa og bruken av utmarka er to viktige faktorar når det gjeld ei bærekraftig utvikling av landbruket i Noreg framover. Småfehaldet er den næringa som utnyttar naturressursane best, ved at innmarka haustast til vinterfor, og utmarka brukast til beite.

Ingvar Sundvor vart 75 år 13. august og han fekk ei gåve frå Aust-Telemark Sau og Geit. Dette var eit sitteunderlag av spælsauskinn med trykk på baksida frå Funner-fellen i Hjartdal. Leiaren i Aust-Telemark Sau og Geit takka Ingvar for det han har gjort for å vidareutvikle den fleirfarga spælsauen i Noreg. Ring 97 er i dag i ei suveren særklasse i Noreg når det gjeld kvaliteten på værlam som stiller til kåring i rasekode 21 (fleirfarga spæl). Dette er det ingen andre enn Ingvar som hadde klart. Han har jobba målretta og systematisk heile tida. Dette saman med evnen til å aldri gje opp og ha trua på at det han meiner er rett, har gitt resultater.

Oppvisinga i bruk av gjetarhund var óg eit positivt innslag.

Svein

Annonsering på heimesida:

Alle medlemmer i Telemark Sau og Geit kan kjøpe annonseplass på heimesida for kr. 500,- + mva pr. år.

 
Telemark Sau og Geit Org. nr.: 986 778 071
Leder Knut Johan Hvistendahl
Tlf.: (+47) 976 78 009
E-post: sauesalongen@gmail.com