Banner Banner Banner Banner

Kalender

  Juli 2020
Ma Ti On To Fr
  12345
6789101112
13141516171819
20212223242526
2728293031  
       

Siste publiserte artikler

Sluttrapport for Ny Giv i sauehaldet i Hordaland 2013-2016, prosjektår 3 og 4

06.03.2018 | Skrevet av Oddmund Hildal

Vi viser til «Rapport for Ny Giv for sauehaldet i Hordaland 2013 – 2015, prosjektår 1 og 2». Vi tek føre oss prosjektår 3 og 4 her.

 

1.     Kort om Ny Giv

Hovudmålet for prosjektet har vore å auka leveranse av kvalitetslam i Hordaland. Det å auka lokallagsaktiviteten i Sau og Geit har òg vore eit viktig mål.

Prosjektet var opprinneleg treåring, med oppstart i 2013. På styringsgruppemøte i 2015 vart det semje om å fortsetja prosjektet ut 2016. Hordaland Sau og Geit er prosjekteigar og leier styringsgruppa. Prosjektet har hatt ei arbeidsgruppe som har fungert som prosjektleiing. Arbeidsgruppa har hatt hyppig kontakt og arbeidd tett med planlegging og gjennomføring av aktivitetar. Lokallaga i Sau og Geit har bidrege i gjennomføringa av arrangement og har komme med innspel til vidare satsingar.

Aktivitetane i Ny Giv har i hovudsak vore fagmøter og kurs som har vore arrangert rundt i fylket for å gje eit best mogleg tilbod til alle. Ny Giv har òg gjeve tilskot til faglege arrangement i regi av lokallaga i Sau og Geit.

Tekstboks: Styringsgruppa
HSG v/ Nils Inge Hitland (2013 – 2016)
HSG v/ Reidar Kallestad (2017 - )
Nortura, Fatland
Fylkesmannen
Bondelaget og Småbrukarlaget
                                                                                                                                                                                                                                                                                                                       

 

 

          

Tekstboks: Arbeidsgruppa
HSG v/ Reidar Kallestad
Nortura v/ Karluf Håkull
Fatland v/ Hilde K Håland
Fylkesmannen v/ Silje A Lyhammer

               

 

                            

Figur 1. Oversikt over styringsgruppa og arbeidsgruppa i prosjektet Ny Giv

 

2.     Aktivitetar i 2015

I mai 2015 var det skifte i mannskapet i arbeidsgruppa. Svanhild Aksnes slutta hos Fylkesmannen og Silje Anette Lyhammer erstatta funksjonen hennar i gruppa.

 

Sauekontrollkurs: Starta i desember 2014 med kurs i ny sauekontroll. I januar 2015 vart kursserien avslutta med kurs i Bergen, Lindås, Fusa, Kvam, Granvin og Voss. Føredragshaldar på alle kursa var Grethe Ringdal frå Animalia. Totalt var det om lag 280 personar som deltok på kursserien. Tidsskriftet Norsk Landbruk var med på eitt kurs og skreiv artikkel om kurset og Ny Giv.

 

Utvalde buskapar: 2. og 3. mars var det møte med dei utvalde buskapane i Knarvik og på Stord.

Bodhild Fjelltveit og mannen, Arne, driv med sau i Hausdalen i Fana og har jobba med to endringar. Dei har både bygd ny sauefjøs og dei har fått sponsa elitevér gjennom vérering 154.

John Karsten Raunholm på Fitjar har jobba med å redusera lammetap i buskapen sin.

Håvard Øvsthus og familien på Varaldsøy starta med gjetarhund. Gjetarhundnemnda følgde opp familien gjennom oppstarten.

Jahn Tommy Midtgård i Lindås flytta buskapen sin til nytt fjellområde frå Nordhordland til Hardangervidda.

 

Desse møta trakk mykje folk og det var positiv omtale i etterkant.

 

Radiobjøllemøte i Røldal: 11. mai 2015 vart det arrangert møte i Røldal der FindMySheep var til stades og marknadsførte GPS-bjølla. Reidar Kallestad frå HSG hadde eit innlegg om rovdyr og kva ein bør gjera dersom det oppstår rovdyrproblem i beiteområdet. Silje Anette Lyhammer frå Fylkesmannen hadde ein gjennomgang på tilskotsordningane for beitelag. Beiteutvalet i Hordaland og beitelaga var inviterte. Det var godt oppmøte med om lag 50 deltakarar.

 

Markvandring Bjoreidalen: 16. august vart det arrangert markdag på Hardangervidda. Oppmøte i Bjoreidalen. Yngve Rekdal frå Skog og Landskap deltok. Han snakka blant anna om plantekultur, tidspunkt for saueslepp og -sanking, kva beite som bør nyttast når det minkar på sauen i fjellet. Han fortalte medan vi gjekk og når vi kom fram til stølen, Rinden, som tilhøyrer Geir Sæbø og Margrethe Medhus. Vi serverte rømmegraut, spekemat, saft og kaffi til dei oppmøtte. Det var sett opp buss frå Nordhordland. Om lag 60 personar deltok på markdagen.

 

Fagdag bygg, Etne: 24. oktober arrangerte vi fagdag bygg i Etne. Vi besøkte først sauefjøsen til Ole Sævareid. Her var den gamle sauefjøsen bygd om og utvida. Hos Anette L Hovda var det eit ombygd mjølkekufjøs til sauefjøs. Siste fjøsbesøk var hos Lars Ø Grønstad. Han hadde bygd ny sauefjøs i samanheng med den gamle delen. Etter fjøsbesøka møttest vi på Grønstad skule til rømmegraut og faglege tema. Etne Sau og Geit ønskte velkommen og la fram slaktedata for området. Innovasjon Norge v/ Karsten Valland og Etne kommune v/ Reidar Rødne fortalte om kva dei kan bidra med ved ombygging og nybygging. Totalt deltok om lag 50 personar på fagdagen.

 

Liste over aktivitet i 2015

2015

Aktivitet

Januar

Sauekontrollen kurs ferdigstilt

2. – 3. mars

Fagmøter utvalde buskapar, 2 møte

11. mai

Radiobjøllemøte i Røldal

19. juni

Arbeidsgruppemøte

10. august

Arbeidsgruppemøte, telefon

16. august

Markdag Bjoreidalen Hardangervidda

24. september

Arbeidsgruppemøte, telefon

29. september

Arbeidsgruppemøte, telefon

10. oktober

Byggdag Etne, sør i fylket

13. oktober

Arbeidsgruppemøte

13. oktober

Styringsgruppemøte

21. oktober

Arbeidsgruppemøte, telefon

 

3.     Aktivitetar i 2016

Vi starta året med arbeidsgruppemøte og planlegging av årets aktivitetar, samt finpussa organisasjonsarbeidskursprogrammet.

Organisasjonsarbeid: Fagsamling på Thon Hotel Sandven i Norheimsund gjeldande organisasjonsarbeid. Lokallaga i Sau og Geit, samt tillitsvalte i HSG var inviterte. Det var om lag 45 deltakarar på samlinga. Organisasjonssjef i Norges Bondelag, Astrid Solberg, hadde ein bolk før lunsj og ein etter med organisasjonsarbeid. Tidlegare journalist i NRK, Geir Ove Herland, hadde tema «korleis møter vi media i kvardagen». Lokallagsleiar i Breim Sau og Geit, Vidar Sandal, fortalte om korleis deira lag hadde fått til godt lagsarbeid og samansveising i Breim. Til slutt oppsummerte leiar i HSG, Nils Inge Hitland dagen, og arbeidet vidare.

 

Snyltarbehandling: Vi hadde fire snyltarbehandlingsmøter fordelt rundt i fylket. Lisbeth Hektoen frå Animalia var føredragshaldar på møta på Stend, i Nordhordland og i Granvin. I Sveio hadde Åshild Våge føredragsansvaret. Det vart teke avføringsprøvar frå buskapar på førehand, slik at diskusjonen kunne ha utgangspunkt i handfaste opplysningar. Totalt møtte om lag 120 personar på desse fire møta.

 

Fagsamling – avslutning på prosjektet: Heile hausten 2016 gjekk med til planlegging og å henta inn gode føredragshaldarar til stor fagsamling på eit hotell på Flesland for å avslutta prosjektperioden med Ny Giv. Dessverre var det for få påmeldte til arrangementet, så denne vart avlyst. Opprinneleg var det tenkt ei to dagars samling med fagleg program og festmiddag fredag kveld. Blant anna skulle det vera debatt med sentrale personar om lammekjøtproduksjon vidare, kraftfôr vs grovfôr ved Åshild Randby frå NMBU, sauenæringa vidare framover ved Nils Inge Hitland, leiar i HSG og korte samandrag av prosjektperioden for dei utvalde buskapane. Programmet er vedlagt rapporten.

 

Liste over aktivitet i 2016

2016

Aktivitet

22. januar

Arbeidsgruppemøte, telefon

6. februar

Organisasjonsarbeidskurs, Norheimsund

25. februar

Arbeidsgruppemøte, telefon

4. april

Arbeidsgruppemøte

15. april

Arbeidsgruppemøte, telefon

19. april

Arbeidsgruppemøte, telefon

21. april

Arbeidsgruppemøte, telefon

31. mai, 1., 2., 8. juni

Vårmøte snyltarbehandling, 4 møte i heile fylket

28. juni

Arbeidsgruppemøte, telefon

18. august

Arbeidsgruppemøte

5. september

Arbeidsgruppemøte, telefon

14. september

Arbeidsgruppemøte, telefon

4. oktober

Arbeidsgruppemøte, telefon

7. oktober

Arbeidsgruppemøte, telefon

10. oktober

Arbeidsgruppemøte, telefon

21. oktober

Arbeidsgruppemøte, telefon

27. oktober

Arbeidsgruppemøte, telefon

4. november

Arbeidsgruppemøte, telefon

11. november

Arbeidsgruppemøte, telefon

30. november

Arbeidsgruppemøte, telefon

13. desember

Arbeidsgruppemøte med julelunsj

 

4.     Aktivitetar i 2017

Prosjektet skulle vore ferdig i 2016, men grunna avlyst avslutningssamling, måtte vi tenkja nytt og planleggja ny og annleis fagsamling for å markera slutten av prosjektperioden. Dermed fortsette arbeidsgruppa med telefonmøte våren 2017 for å ferdigstilla denne.

 

Familiedag på Baroniet: Familiesamling på Baroniet i Rosendal 20. mai var offisielt slutten på prosjektet Ny Giv i sauehaldet i Hordaland. Her møtte om lag 400 personar med stort og smått. På Baroniet har dei ni ulike sauerasar. Alle desse vart presentert ved raselag/ personar i fylket som har rasen. I tillegg hadde vi gjetarhundoppvisning med både unghund og erfaren hund og oppvisning med drone. For å visa produkt av heile sauen stilte Hordaland husflidslag v/ Hege-Therese Nilsen med tråd av norsk ull og produkt strikka med denne. Jorunn Økland frå Tysnes stilte med saueskinn og produkt av skinn med trykk på. Vi stilte også i god stil med mat til dei frammøtte. Det vart servert strimla lammekjøt i wok og heilgrilla lam saman med grønsaker, samt pølser. I tillegg hadde HSG eigen stand med informasjonsmateriell. Norsk Landbruksrådgiving Hordaland hadde stand, inkl natursti, for å promotera seg sjølve. HT-gjerdesystem viste òg fram sin patent på gjerde. Programmet er vedlagt rapporten.

 

Liste over aktivitet i 2017

2017

Aktivitet

13. januar

Arbeidsgruppemøte

13. januar

Styringsgruppemøte

21. februar

Synfaring Baroniet i Rosendal

13. mars

Arbeidsgruppemøte, telefon

27. mars

Arbeidsgruppemøte, telefon

21. april

Arbeidsgruppemøte, telefon

5. mai

Arbeidsgruppemøte, telefon

16. mai

Arbeidsgruppemøte, telefon

20. mai

Avslutningssamling på Baroniet i Rosendal

 

5.     Økonomi for 2015, 2016 og 2017

Kostnadene i Ny Giv har lagt noko under budsjett. Direkte kostnader, tilskot og eigeninnsats har om lag denne fordelinga.

Kostnader fordelt på budsjettpost

Beløp i kroner

Møter i styringsgruppe og arbeidsgruppe

96.190

Annonsering

5.000

Fagmøter

172.718

Administrasjon

136.870

Tilskot utbetalt til lokallag

80.945

 

 

Sum direkte kostnader i siste del av prosjektet

491.723

 

 

Løyvd tilskot

 

 

 

Sum løyvd tilskot kr 150.000,- (RULL)

150.000

 

 

Eigeninnsats

 

Eigeninnsats 2015

280.000

Eigeninnsats 2016

390.000

Eigeninnsats 2017

150.000

Sum eigeninnsats

820.000

Tabell 1. Kostnadsoversikt

 

6.     Resultat av Ny Giv etter endt prosjektperiode

Utvikling i tal slakt, søkjarar om produksjonstilskot og kvalitet lammeslakt, Hordaland

Tabellen viser utviklinga i produksjonstilskotsdata for tal sau over 1 år, tal søkjarar og tal lammeslakt i klasse O eller betre, samt tal produsentar totalt i Hordaland og slakta lam totalt.

 

Tal føretak i PT

Tal sau over 1 år i PT

Lam slakta i kvalitet O eller betre i PT

Tal produsentar totalt

Tal slakt totalt

% stjernelam

2012

1.879

68.906

78.453

2.282

91.132

63

2013

1.868

68.740

79.149

2.245

92.117

61

2014

1.863

68.541

80.143

2.213

89.462

64

2015

1.990

76.677

89.356

2.220

96.756

67

2016

2.038

78.971

**

2.225

98.423

60

Tabell 2. Utvikling i produksjonstilskotsdata og totalt lammeslakt i Hordaland 2012 – 2016

** Data er ikkje tilgjengelege då det ikkje lenger var råd å føra dette i søknadsskjema for produksjonstilskot.

 

Figur 2. Tal lam levert slakteri i perioden 2012 – 2016

 

Aktivitet i lokallaga

Eitt av delmåla i prosjektet var å auka lokallagsaktiviteten i Sau og Geit. Vi meiner vi er godt i gang, og mange lag har auka aktivitet. Dessverre gjeld ikkje dette alle. Ny Giv har gjeve tilskot til fagleg aktivitet til seks aktivitetar i lokallag i perioden 2015 og 2016. Totalt i prosjektperioden er det gjeve tilskot til 18 lokallag.

 

Medlemskap i sauekontrollen

Tal medlemmar i sauekontrollen har auka jamnt og trutt. Dette er ikkje eit nedfelt mål i prosjektet, men då det var fleire kurssamlingar og kampanje på innmelding, har vi likevel følgd med på utviklinga. Totalt i prosjektperioden har det vore ein medlemsauke på 160 medlemsskap.

 

Bygg for sau/ bruk av investeringsmidlar ved Innovasjon Norge

 

2015

2016

2017

Tal saker

15

11

7

Innvilga tilskot totalt, kr

8.390.000

3.570.000

3.870.000

Planlagt produksjon etter utbygging. Tal vfs

3.460

1.996

1.570

Planlagt produksjonsauke. Tal vfs

1.740

826

1.134

Byggekostnad per vfs

11.007

9.564

13.770

Tabell 3. Opplysningar henta frå Innovasjon Norge, august 2017

 

 

7.     Avslutning og konklusjon

Fylkesmannen samla næringa, representert med Hordaland Sau og Geit, Nortura, Fatland, Norsk Landbruksrådgiving sentralt, Hordaland Bondelag, Hordaland Bonde- og Småbrukarlag samt ein representant frå kommunane i Hordaland, hausten 2012 for å diskutere satsing for sauenæringa dei neste 4-5 åra.

Innspela blei brukt som grunnlag for Strategi for sauehaldet i Hordaland 2013 – 2017 . Strategien blei bygd opp rundt 7 delmål med fleire respektive tiltak. For å ivareta ein del av delmåla vart  prosjektet Ny Giv i sauehaldet i Hordaland starta. Det er òg andre prosjekt som følgjer opp strategien; Landskap i drift, Beiteprosjektet i Hordaland og Grovfôr i Pluss.

For å sikra at prosjekt Ny Giv blei følgd opp, blei det etablert ei styringsgruppe med følgjande deltakarar

-          Åse Vaag – Fylkesmannen

-          Nils Inge Hitland – HSG

-          Reidar Kallestad - HSG

-          Frode Handeland – Hordaland Bondelag

-          Jarle Helland – Hordaland Bonde- og Småbrukarlag

-          Audun Stople – Fatland

-          Johannes Nedrebø – Nortura

-          Svanhild Aksnes/ Silje Anette Lyhammer – sekretær, Fylkesmannen

Prosjektet har vore eigd og leia av Hordaland Sau og Geit, Fylkesmannen stilte som sekretær i styret.

Eitt av hovudmåla i prosjektet var å auka tal lam til slakt – og det har vi klart. Frå 91.132 lam i 2012 til 98.423 lam i 2016. Vi ser at % stjernelam har lagt mellom 60 og 67 i perioden. Dette har ulike årsaker, blant anna sein vår og god beitesesong i 2015, gav veldig gode lam.

Tiltaka i prosjektet var fleire;

Eit av dei første tema som kom på banen var Sauekontrollen. Slakteria gav nye medlemmer i Sauekontrollen gratis medlemsskap dei tre første åra, så lenge prosjektet Ny Giv pågjekk. Dette er eit system som har gjeve tilgang til målbare resultat og utvikling i sauehald i fylket i perioden 2013 – 2016.

Samarbeidet mellom Fylkesmannen, HSG og slakteria har vore veldig bra i prosjektperioden. Det har vore god dialog mellom Fylkesmannen og næringa, lokallaga rundt i fylket har vore teke med på aktivitet knytt til arrangement i deira nærområde.  Fellessamlingar og kontakten med næringa har vore veldig vellykka, på den måten har prosjektet nådd ut til produsentar i heile fylket.

 

Fire utvalde buskapar med fokus på nytt sauefjøs, bruk av elitevér, bruk av gjetarhund, fokus på å redusera lammetap og byte av beiteområde har vorte følgd av rådgjevarar på dei ulike felta. Dei siste åra verkar det som om det oppfølging og etterspurnad etter oppfølging har vore mindre. Presentasjonar frå møterunden i 2015 er vedlagt rapporten.

 

 

 

Vedlegg

Presentasjonar frå tre av fire utvalde buskapar – 2. – 3. mars 2015

Program til planlagt fagsamling januar 2017

Program til familiedag på Baroniet 20. mai 2017

 
Hordaland Sau og Geit Org. nr.: 992 113 189
Leder: Reidar Magne Kallestad
Mob.: 41 56 00 48
E-post: reidar.kallestad@online.no