Kåringsavgift.

Kåringsavgifta er fastsett til kr. 130,- for kvart stillte lam .

Avlsutvalet for sau sender rekning til ansvarleg saualag for kvart sjå, på tal kåra dyr. Saualaget ordnar med innkrevjing av avgifta frå utstillarane,.Det er kåringsansvarleg i saualslaget som har ansvar for ei samla innbetaling frå sjået, når rekninga kjem frå HSG.

Litt om regelverket for kåring av lam:

Det er berre 1 endring i kåringsreglementet denne hausten:

  • Det skal gievast karakter for rasepreg i rasen Sjeviot (rasekode 3)

Men vil spesielt nemna:

1.    Minstekrav til sum kåringspoeng er 145 NKS og 140 for Kvit Spæl og Sjeviot

2.    Minstekrav til lammet sin eigen o-indeks (lamindeks)for NKS er 115, Kvit Spæl og Sjeviot 110

3.    Verlammet si korrigerte vekt lik eller større enn buskapen, utgjekk for kåringane i 2013.        

4.    Vektavvik skal ikkje inkluderast i sum poeng, men skal stå på kåringsseddelen

5.    Karakterskalaen for ullmengd, ullkvalitet, eksteriør og bein skal gå frå 5 til 10, med 6 som minstekrav for å verta kåra

6.    Det generelle minstekravet til kvaliteten på ullfellen er klasse 1 i Norsk Ullstandard (C1/F1)

7.    Minstekravet til lengde på ulla er 7 cm for crossbred og 15 cm for spælulla

8.    Rasekode for mor og far SKAL væra den samme som for lammet, om ikkje vert IKKJE lammet kåra

9.    Kvit Spælsau og farga spælsau skal skiljast med eigne rasekodar, høvesvis rasekode 4 og rasekode 21. Spælsau med farga fell må kodast om til rasekode 21 for å kunne kårast.

10.  Buskapar som har importert levande småfe kan møta på kåringssjå tidlegast 18 måneder etter at dyra er importert. Buskapar som har dyr som stammar frå slike flokkar, kan heller ikkje delta på kåringssjået før 18 månader etter importen.

11.  Det SKAL takast margprøve av ulla for dyr med kvitull. Stereolupe stiller PC/dommarar med.

12.  Verlam frå buskapar som også har geit, og der geiteflokken ikkje er dokumentert fri for CAE, kan ikkje lenger stillast til kåring. Det same gjeld sauebuskapar som forar med geitemjølk frå slike geiteflokkar.

13   Halte/sjuke lam skal IKKJE kårast, men lam med td munnskurv/augnasjuke kan dømmast etter at ALLE andre lam er kåra (desse lamma skal stå på hengarar eller i god avstand frå dei andre dyra)

14   Svarte lam i rasane NKS og Sjeviot skal IKKJE kårast, heller IKKJE på dispensasjon.

Det skal IKKJE kårast lam på dispensasjon av rasane NKS, Sjeviot og Kvit Spæl, men i  område der etterspurnaden etter kåringslam er stor i høve til tilbodet, kan dommarane kåra på ”dispensasjon” frå minstekrav til einskildpoeng eller sumpoeng på små rasar som Ryggja, Blæs,Suffolk,Farga Spæl og lignende, men dei dyra skal kårast etter dei spesielle kåringsreglene for hver rase/kåringstype.

Værer med helt kvit fell kan ikke kåres etter regelverket for flerfarga spæl og skal vrakes hvis de stilles til kåring etter dette regelverket .ref.regler får kåring av farga spæl

Kvalitetsmønstring.

Det vert inga kvalitetsmønstring på kåringssjåa i Hordaland i år.

Lilla sløyfeband vert som før, krav til lilla sløyfe er 35 poeng i dei vanlege rasane NKS,Kvit Spæl og Sjeviot.

I smårasane må dei ha minst 35 poeng og rasepreg 9, der det er mange poeng å gi slår ein i saman slik at da blir tilnærma lik «vanleg» dømming Kropp,Bein Ullkv. Og Ullm, men rasepreget er her SVÆRT viktigt.